Ny masterutdanning skal betre helsetenesta
Auka kompetanse gir betre helse- og omsorgstenester i kommunane. No foreslår regjeringa ei ny masterutdanning i avansert klinisk allmennsjukepleie og forslaget skal ut på høyring.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Mastergraden skal gi fordjuping og kompetanse på eit breitt fagområde. Det er viktig å gi brukarane med store og samansette utfordringar eit godt og trygt tilbod, står det i ei pressemelding frå regjeringa.
– I kommunane kan vi førebyggje og fange opp fysiske og psykiske lidingar i ei tidleg fase, det er også i kommunane vi skal meistre livet med sjukdom. Skal vi heve kvaliteten på dei kommunale helse- og omsorgstenestene må vi gi dei som jobbar der moglegheit til å heve kompetansen sin, seier helseminister Bent Høie.
Høyringsforslaget kan du lese her.
Løyvd 10 millionar i lønnstilskot
Forslaget til innhaldet i masterutdanninga er utarbeida av Helsedirektoratet, i samarbeid med mellom anna universitets- og høgskulesektoren og Norsk Sykepleierforbund.
Det er løyvd 10 millionar i lønnstilskot til dei sjukepleiarane i kommunane som tek vidareutdanning i avansert klinisk sjukepleie, seier helseminister Høie i pressemeldinga.

Frå venstre: Sondre Vanvik og Sjur Førland ser fram til å jobba som sjukepleiarar.