Netflix tilrår kundane sine eigne produksjonar og er ikkje villig til å betale for å få inn fleire norske titlar i tilbodet, seier forskarar frå Oslomet.
NPK-NTB
NPK-NTB

Forskarane har undersøkt Netflix’ tilrådingar til norske kundar, attgitt i ein forskingsartikkel som er publisert i det nye nummeret av Norsk Medietidsskrift. Forskarane har undersøkt tilrådingane 27 kundar fekk frå Netflix over ein periode på 12 timar, til saman 270 tilrådingar.

– Dette er eit augneblinksbilde, som vi meiner det er tilstrekkeleg til å vise at det føregår ei algoritmisk utveljing, og at Netflix’ eige innhald kjem høgare enn anna material, seier førsteamanuensis Kim Tallerås ved institutt for arkiv-, bibliotek- og informasjonsfag ved Oslo Met til Dagsavisen.

Les også meiningsinnlegget: Netflix kan i teorien vere ein av faktorane som fører til aukt depresjon i moderne vestleg sivilisasjon.

Netlix prioriterer Netflix

Forskarane noterer at ingen av respondentane deira fekk tilrådd ein einaste norsk film gjennom det som er den største strøymetenesta i marknaden. 55 prosent av norske hushald abonnerer på Netflix, ifølgje Forbrukarundersøkinga til elektronikkbransjen for 2018.

Derimot var ni av dei 13 meste tilrådde Tv-seriane og filmane produksjonar med tilknyting til Netflix.

«I Netflix’ tilfelle virker det klart at tjenesten ikke er villig til å betale for å få et større antall norske titler inn i tilbudet», heiter det vidare.

– Det som blir foreslått for deg, er basert på din eigen sjåarhistorikk. Så når du får mange Netflix Originals, kan det tyde på at du har sett fleire av Netflix sine eigenproduksjonar, skriv Netflix i ein kommentar via Pr-byrået Släger.

Selskapet minner mellom anna om at det står bak «22 July» med norske skodespelarar og crew og etter denne har kunngjort tre norske produksjonar.

Snart vert det meir norsk på strøymetenesta, for snart kjem Ragnarok: Møt hovudrollene i Netflix si norskspråklege storsatsing

Oppdatert: tysdag 2. april 2019 09.17

Kommentarar

ANNONSE