Netflix and depresjon?


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Netflix kan i teorien vere ein av faktorane som fører til aukt depresjon i moderne vestleg sivilisasjon. I alle fall om vi skal tru teorien til Barry Schwartz om «the paradox of choice».

Sjå for deg følgande scenario:

Du har kjøpt inn litt snacks, laga deg ein god middag og gjort klart for ein hyggelig filmkveld.

Du har endå ikkje bestemt deg for film, men heldigvis har du Netflix. Du går inn på sida og leiter. Mange av filmane du finn er freistande, men det kan jo hende at du finn ein annan du heller vil sjå. Så du fortsetter og leite litt til. Og litt til. Endå litt til.

Plutseleg har du brukt ein halvtime på å leite og endå har du ikkje klart å bestemme deg.

Maten du laga har blitt kald. Du blir irritert over deg sjølv og i augeblinkets frustrasjon sett du på ein gamal klassikar du veit at du ikkje hatar. Så spis du den kalde maten din, med ein halvvegs film og litt dårlegare humør.

Les også: Fryktar Netflix-serie vil skape eteforstyrringar

Kjenner du deg igjen i dette? Då er du langt frå aleine. På nettet kan ein finne mange som fortel at dei slit med same problem. I mine forskjellege kretsar har dette problemet også blitt nemnt fleire gongar.

Utfordringa rundt å velje ein film på Netflix verkar til å bli ei etablert sanning og det kan vere at det påverkar vårt generelle humør meir enn vi trur.

Men kvifor er det slik at vi har det så vanskelig for å bestemme oss, og korleis kan det føre til aukt depresjon?

Svaret kan ein kanskje finne i boka til Barry Schwartz om «The paradox of choice». Han fortel at dess fleire valalternativ vi har, dess vanskelegare har vi det for å velje. Han meiner også at dess fleire alternativ vi har, dess mindre fornøgd vil vi vere med valet vi tek. Når vi då ser dette i samanheng med eit samfunn som stadig tilbyr fleire alternativ over heile fjøla, kan det by på problem. Schwartz går så langt som å mein at det kan ha ein samanheng med auke i depresjon blant vestleg sivilisasjon.

La oss sjå på den første teorien.

I ein Ted-talk fortel han at å ha nokre få alternativ å velje mellom er bra, men så fort det blir for mange blir det verre å ta eit val.

Nokre vil syns at å velje er så overveldande at dei droppar det. Ei forsking som inneheldt sal av forsikringar viste at om ein gav tilbod om 50 forsikringar, så selde dei 10 prosent mindre enn om dei hadde tilbod om 5-10 forsikringar. Schwartz forklarer dette med at ein blir redd for at dei andre alternativa ein har kan vere betre enn det ein vurderer. Og dette fører til at ein ikkje klarer å velje.

Les også: Ser du for mykje på Netflix? Forskarar har funne ut at seriefråtsing skadar kvaliteten på søvn.

Ser vi på Netflix-problematikken kan ein då sei: at frykta for å ikkje sjå den beste filmen tilgjengelig, blir for stor til at vi klarer å bestemme oss for ein av filmane. Ein slags «fear of missing out (FOMO)»-tilstand.

Når vi har for mange alternativ tilgjengelig, vil vi heller aldri bli heilt fornøgd med det valet vi tek. Schwartz meiner årsaken er at vi får alt for store forventningar.

Når vi veit at vi har veldig mange alternativ, tenker vi at vi burde finne eit alternativ som er så godt som perfekt. Men heilt perfekt blir det aldri, dermed blir vi meir skuffa enn om vi hadde hatt færre alternativ og dermed lågare forventning.

Les òg Jon Olav Sandal sitt opne brev til Sylvi Listhaug!

I Netflix har vi jo også veldig mange alternativ. Og vi har mange verktøy som i ei ideell verd ville ført oss til den perfekte filmen. Logaritmar leiter fram alternativ basert på kva vi har sett tidlegare og vi kan finne vurderingar frå eit titals nettsider. Mykje ligg til rette for at vi burde finne ein bra film. Det er då kanskje ikkje så rart at vi får litt høge forventningar til filmen vi eventuelt vel.

Det er heller ikkje berre på Netflix dette er eit problem. Ein kan finne det når ein skal handle nye bukser, når ein går i matbutikken, val av telefon og i stort sett alle andre delar av livet. Vi blir konstant omringa av val som vi må ta og dess fleire alternativ som dukkar opp dess verre for oss er det å velje og dess verre føler vi oss.

Og då blir vi deprimert.

I alle fall om vi skal tru Barry Schwartz.

Og kanskje set det litt på spissen.