Her er dei beste aprilsnarrane

Arne Garborg er mannen i «Skrik», Språkrådet byter namn til OrdNOR og kyrkja tek drastiske personverngrep. Her er nokre av dei artigaste aprilspøkane.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 30.03.2023 10:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For å ta det siste først. I morgontimane 1. april 2019 kjem nyheita «Navnløse dåpsbarn» på Den norske kyrkja sine nettsider.

«Presten kjem ikkje lenger til å spørja «Kva heiter barnet?» når nokon vert bore til dåp i Den norske kyrkje. Barns personvern må vege tyngst, konkluderer eit kirkelig GDPR-utval, som anbefaler hasteendring av dåpsliturgien,» melder kirken.no.

Les også: Over hundre tusen har meldt seg ut av kyrkja dei siste fire åra

Vurderte å sløyfe lyseblått og rosa

– Det er diverre liten tvil om at barns personvern vert krenka når namnet forkynnast for heile kyrkjelyden. Difor anbefaler vi at enkelte formuleringar i dåpsliturgien takast ut eller justerast, seier avdelingsdirektør i Kyrkjerådet, Ole Inge Bekkelund i saka.

I saka tek arbeidsgruppa EU si nye personvernforordning, som oftast vert kalla GDPR, svært så alvorleg. Dei vurderte å be Kyrkjemøtet vedta å oppmoda foreldre til ikkje å nytta lyseblå eller rosa sløyfeband på dåpskjolen, sidan kjønn òg er ein personopplysning.

«Ein konkluderte likevel at dette ville bli oppfatta som ei uønskt legitimering av omgrepa «gutefarge» og «jentefarge», og dette vart difor skrinlagt,» skriv kyrkja.

Vidare skal GDPR-arbeidsgruppa utarbeida eit samtykkeskjema som både konfirmant og foreldra må signera for at dagens konfirmasjonsliturgi skal kunne nyttast, på same måte som brureparet må signera eit samtykkeskjema som allereie er til gjennomgang hjå Datatilsynet.

Les også: Nye EU-reglar om personvern gir høgare aldersgrenser på internett

Å ut av Språkrådet

Språkrådet kastar seg på bølgja med språklege nyvinningar på namnefronten og melder at «Språkrådet skifter navn til OrdNOR».

Namneendringa, som trer i kraft 1. august 2019, skjer i samband med samanslåinga av dei tre skandinaviske språkråda – Dansk sprognævn, det svenske Språkrådet og det norske Språkrådet.

Direktør i Språkrådet Åse Wetås fortel om namneendringa 1. april. Foto: Språkrådet

Direktør Åse Wetås seier på Språkrådets nettsider at det nye at det nye namnet gjer dei meir synlege og attraktive.

– Vårt purpose skal vera å levera. Språkrådet skal vera den føretrekte totalleverandøren av språkopplevingar. Det visuelle har òg spelt ei viktig rolle. Me har fått eit dynamisk namn som bidreg til å betra nabospråkforståinga. Ein annan fordel er at bokstaven å, som ikkje kan nyttast utanfor Norden, no er ute av namnet. Det gjer oss meir internasjonale og relevante, seier Wetås.

Namnebyte ser ut til å vera ein slager i 2019. Statsbygg endrar namn til Ly, Sporveien vert OY, Statens vegvesen skal Dit og studentsamskipnadene på Aust- og Vestlandet vert frå 1. januar 2020 samla under merkevara; Øss – Øst- og vestlandet Studentsamskipnad.

Nynorske stadnamn i Oslo

Professor i nordisk språkvitskap ved Institutt for språk og litteratur ved NTNU, Ivar Berg, er òg namnekonsulent for Midt-Noreg. Som medlem av fagrådet for stadnamn i Språkrådet deler han i dag nyheita om at alle stadnamn i Oslo skal få parallelle former på nynorsk.

Les også: Språkrådet ikkje imponert over NSBs nye namn

Home and away – på norsk

TV 2 Sumo har òg ei gladnyheit til alle norskentusiastar. På Facebook fortel dei at allereie i morgon kjem ein av deira mest populære TV-seriar med norsk tale. Publikum skal visstnok ha etterspurt norsk tale på den over 30 år gamle australske såpeserien, som har gått på norske TV-skjermar sidan 1995, i lang tid.

Her kan du få ein liten smakebit:

Hulda fortalde ho var gravid

Sist, men ikkje minst, kjem det mistenkeleg store nyheiter frå Garborgsenteret i dag. Kunsthistorikar Stian Ravndal har sett nærmare på gammalt kjeldemateriale og stiller spørsmålet: «Var det Arne Garborg som skreik?»

Kunsthistorikaren, som jobbar som pedagog på Garborgsenteret har sett på tekstar Arne og Hulda Garborg skreiv på den tida Edvard Munch må ha laga sine første skisser av det velkjende motivet.

Garborgsenteret har lagt ut dette biletet av kunsthistorikar Stian Ravndal med dagboksnotata til Arne og Hulda sin son, Tuften. Foto: Garborgsenteret

Både Hulda og sonen Arne Olaus «Tuften» Garborg, som er fødd 25. mai 1888, fortel at Arne Garborg skal ha tatt nyheitene om hennar graviditet svært tungt.

I dagboka si skildrar Hulda reaksjonen til G. då ho fortalde om graviditeten:

«Da blev han helt helt hvid i ansikted og de smale, skønne øine stod på vidt gab. Jeg har aldri set hans øine slik, verken før eller efter. Jeg kommer aldri til å glemme det syn. Hadde jeg bare kunnet tegne, eller male, så skulde jeg ha lavet et stort maleri med de øine. Men nei. Det ville ha blitt et stygt billede, egnet til å skremme selv de mest hardbarkede grønlandsfarere. Desuden er ikke kunsten kommet dithen endnu. G. tog seg brått til hovedet med begge hender, og raabede så man kunde høre ham over det hele, ja i hele Kristiania, vil jeg si: «Men jeg har ikke råd!»»

Ravndal daterer hendinga til tidleg på hausten i 1887 og viser òg til Munch sine eigne dagboksnotat frå Nice i 1892 der han fortel om ein fascinerande mann. Det som ifølgje Ravndal er Garborg vert skildra som «en litt liden og lidt skral Fyr, nesten skalled på Hovedet, men med en svær og bustede Mustasche».

Vidare skriv Munch:

«Jeg mindes at jeg tænkede «han der har nok solgt Smør uden at faa Betalning». Han var meget bleg. Da jeg hadde tegnet hans Omrids, kom en Kvinne med en slig Haarfacon som jeg ikke kan lide, nogle kalder den visst Hedmarkssåde, tror jeg, styrtende bort til ham og sa noget, hvorpaa han tog Hænderne til Hovedet og skreg. Jeg tegnede det akkurat slig jeg saa det. Mustaschen fjernede jeg i de ferdige Billeder, den dækkede jo Munden og vilde ha døljed Effekten af Mandens Skrig.»

Anten det var Arna Garborg som skreik eller ei: Ta quizen om Hulda!