Eirik Tangeraas Lygre
Publisert
Oppdatert 23.11.2018 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nye EU-reglar om personvern gir høgare aldersgrenser på internett

  • Nye reglar for personvern tredde i kraft i EU 25. mai, og kjem til Norge tidlegast 1. juli.
  • Regelverket krev mykje strengare vern av ungdom sine persondata. Døme på persondata er namn, e-post, telefonnummer, religiøs overtyding og politiske haldningar.
  • Reglane er tydelege: Alle under 16 treng løyve frå føresette for å nytta ulike tenester. Korleis ein skal kontrollera alder og føresette sin identitet er framleis uklart.

Dei nye personvernreglane frå EU har alt fått konsekvensar: Meldingstenesta Whatsapp annonserte i april at dei kom til å heva aldersgrensa frå 13 til 16 år.

Endringa blei truleg gjort for å unngå dei strenge krava til korleis ein skal behandla ungdoms persondata.

Dersom ein bryt reglane kan ein nemleg enda opp med ei bot på 20 millionar euro eller 4 prosent av den årlege, globale omsetninga – alt etter kva som utgjer mest.

På Facebook må nå ungdom under 16 få løyve frå foreldra dersom dei vil oppgi religiøs overtyding eller politiske standpunkt på det sosiale mediet.

Fram til nå har born og unge blitt jamstilt med vaksne når det gjeld personvern på internett. Det nye, strengare vernet av ungdoms persondata er grunngitt med at ungdom ikkje er like merksame på risikoane knytt til innsamling og lagring av dataa deira.

Vanskeleg i praksis

Mykje tyder på at reglane vil vera svært vanskelege å handheva. For korleis kan Facebook kontrollera om ein brukar er over eller under 16?

På internett er det svært enkelt å lata som ein er nokon andre. EU-forordninga tilrår inga konkret kontrollmekanisme.

Vel ein å knytta ungdom sine brukarkontoar opp mot foreldra deira har ein i grunnen berre gitt Facebook endå meir brukardata som dei kan nytta til reklameføremål.

I første omgang vil truleg store medium som Facebook, Twitter og Instagram gjennomføra endringar i tråd med dei nye reglane.  Det er dei som først kan venta seg å bli kontrollerte. Mindre selskap vil etter alt å døme vera meir avventande.

Facebook med ny «ungdomsportal»

Facebook har i samband med dei nye reglane lansert sin «ungdomsportal». Der skal ungdom rettleiast til sikker bruk av internett. Om dette kjem til å bøte for selskapet sin mangel på popularitet blant unge er heller usikkert.

Men portalen blir kritisert for motstridande råd: Ein stad seier selskapet «aldri del din eksakte plassering», medan ein litt seinare forklarar steg for steg korleis ein kan la vener følga plasseringa si direkte.

Facebook er i hardt vêr etter ei rekke personvernskandalar den siste tida. Illustrasjon: Colourbox

Sjølv i kjølvatnet av ei rekke personvernskandaler, oppmodar altså Facebook unge til å vera varsame på nettet, medan dei samstundes vil at dei skal dela masse persondata.

Om dei store selskapa nå opererer i tråd med det nye regelverket, gjenstår å sjå. Same dag som reglane tredde i kraft i EU, blei Facebook og Google saksøkt for over 70 milliarder kroner.

Skuldinga er at dei framleis tvinger folk til å oppgi persondata.

Å kreva persondata i bytte mot tilgang på ei teneste er ulovleg etter dei nye reglane.

LES OGSÅ: Fem tips for å unngå å bli misbrukt av Facebook.