Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Å programmera datamaskinar er lett som berre det. I alle fall om me skal tru verdas digitale guruar. Frå organisasjonen Code.org sin lovnad om at «Alle kan læra!» til Apple-sjef Tim Cooks kommentar om at koding er «gøy og interaktivt», er kunsten og vitskapen om å laga programvare no like tilgjengeleg som alfabetet.

Diverre svarer ikkje dette rosenraude biletet til røyndomen. For det første har programmeraren ein nokså uvanleg profil. I tillegg til å vera høgst analytisk og kreativ, treng utviklarar nesten overmenneskeleg fokus for å handtera kompleksiteten i oppgåvene deira. Manisk merksemd om detaljar er eit must; slurving er strengt forbode. Å nå dette konsentrasjonsnivået krev ein sinnstilstand som blir kalla «å vera i flyt», eit kvasisymbiotisk forhold mellom menneske og maskin som betrar prestasjonen og motivasjonen.

Koding er ikkje den einaste jobben som krev intenst fokus. Men du høyrer aldri noko seia at hjernekirurgi er «gøy», eller at konstruksjonsteknikk er «lett». Kvifor latar politikarar og teknologar som noko anna når det gjeld koding?

For det første fordi det hjelper med å lokka folk til feltet i ei tid då programvare (med investor Marc Andreessens ord) held på å «eta verda», og dermed held industrien tikkande og lønene under kontroll ved å utvida tilgangen på arbeidskraft. Ein annan grunn er at sjølve ordet «koding» høyrest rutinepregaog repetitivt ut, som om det finst ein slags nøkkel som utviklarar brukar på automatikk for å løysa allslags problem. Det hjelper ikkje at Hollywood har portrettert «kodaren» som ein sosialt utfordra hackar som tastar først og tenkjer seinare, uunngåeleg kvit og mannleg, med makt til å knusa nazistane eller å trenga gjennom CIA.

Å insistera på glamouren og moroa med koding er feil måte å introdusera ungar for datavitskap på. Det fornærmar intelligensen deira, og plantar den skadelege tanken i hovudet deira at du ikkje treng disiplin for å gjera framsteg. Som alle med det minste kjennskap til det å laga programvare veit, ligg det ein time med studiar bak kvartminutt med tasting.

Det algoritmiske er politisk.

Det er betre å innrømma at koding er komplisert, både teknisk og etisk. Datamaskinar kan for augeblikket berre utføra ordrar, på meir eller mindre sofistikerte måtar. Difor er det opp til utviklaren å vera tydeleg: maskina gjer som du seier, ikkje slik du meiner. Me stolar på maskinar til å ta fleire og fleire «avgjersler», inkludert slike som handlar om liv og død: tenk sjøvkøyrande bilar; tenk semiautonome våpen; tenk Facebook eller Google som trekk slutningar om kva slags psykologisk, fysisk og sivil status du har, før dei sel det til høgstbydande. Men det er sjeldan i selskapa og styresmaktene si interesse å oppmoda oss om å grava i kva som skjer under desse prosessane.

Alle desse scenarioa byggjer på utsøkt teknisk grunnlag, men men kan ikkje handtera dei ved å svara utelukkande på tekniske spørsmål. Programmering er ikkje ein detalj som kan leggjast til «teknikarar» under den falske antakinga at vala dei tar kjem til å vera «vitskapleg nøytrale». Samfunnet er for komplekst: Det algoritmiske er politisk.

Automatisering har allereie sett inn ein støyt mot jobbtryggleiken til lågutdanna arbeidarar i fabrikkar og varelager verda over. Funksjonærane er dei neste som står for tur. Dagens digitale gigantar køyrer på ein brøkdel av arbeidskrafta til gårsdagens industrigigantar, så ironien i at dei oppmodar fleire om å bli programmerarar er at dei langsamt mobiliserer seg sjølve ut av jobb.

I ei meir og meir innfløkt og samankopla verd, der programvare speler ei større og større rolle i kvardagslivet, er det uansvarleg å snakka om koding som ein lettvektaraktivitet. Programvare er ikkje berre linjer med kode, og det er heller ikkje keiande teknisk. Om berre nokre få år vil det vera avgjerande for ein aktiv samfunnsborgar å forstå programmering. Ideen om at koding gir ein uproblematisk veg til sosialt og personleg tener det veksande tekno-plutokratiet som isolerer seg bak sin eigen teknologi.

Walter Vaninni er konsulent og datanerd, og driv podcasten Data Knightmare. Saka var først publisert på Aeon.co med CC BY-ND-lisens. Omsett til nynorsk av Runar B. Mæland.