Tøff bustadmarknad tvingar foreldre på banen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Grannar.

Godt plassert i sofakroken, i ei nyoppussa stove i Haugesund, med fri sikt til sportshendingane i fjernsynsruta, har den 24 år gamle utflytta bjoabuen det ganske fint.

Og det beste av alt; han eig heile herlegdomen.

Arne Oma Thorsen har budd éin månad i leilegheita han kjøpte. For to soverom, stove/kjøken, og tilhøyrande kjellarstove måtte han punga ut med 1, 3 millionar kroner.

– Eg har vore ganske flink å spara i alle år, men då eg ville vidareutdanna meg frå prosessoperatør med fagbrev, til ingeniør gjekk det hardt ut over eigenkapitalen eg hadde spart opp, seier 24-åringen som «berre» hadde 140.000 kroner igjen av dei oppsparte midlane etter enda utdanning. Desse pengane er plasserte i BSU-konto.

Les også: Sju av ti unge bustadkjøparar får hjelp av foreldre

Nye reglar for eigenkapital

Arne Oma Torsen starta 1. mars i fast stilling som ingeniør i Aibel, og i forkant av dette ville han kjøpa seg bustad. Bankane krev i dag 15 prosent eigenkapital for bustadkjøp, og Torsen kom til kort.

Då gjorde han som rundt 50 prosent av alle førstegongskjøparar, og lånte pengar til eigenkapital av foreldra, i hans tilfelle far sin.

– Eg lånte 150.000 av pappa. 60.000 av dei gjekk til eigenkapitalen og resten brukte eg til oppussing og etablering. Heldigvis har det kome nye reglar når det gjeld oppsparte BSU-midlar, der me nå har høve til å bruka desse pengane utan at ein treng å bryta kontoen. Dei 140.000 kronene eg har i BSU er midlar eg ikkje hadde hatt dersom regelen ikkje hadde blitt endra. Eg sparar framleis i BSU og kjem til å gjera det i mange år enno, seier han.

Han seier han hadde hatt eit problem om han ikkje hadde fått økonomisk hjelp av faren, og trur det hadde gått mange år før han kunne kjøpt seg noko eige.

Joar Torsen er far til Arne, og han er glad for at sonen har vist at han er flink til å spara sjølv. At han hadde høve til å bidra med eigenkapital er han også glad for. Likevel trur han at dagens unge treng både bevisstgjering og større forståing for korleis dei skal koma seg inn på bustadmarknaden.

– På generelt grunnlag trur eg det er viktig å forstå korleis ein kan koma seg inn på marknaden. Mange har nok sett føre seg korleis dei vil bu, men ikkje korleis dei skal klara å finansiera og betena eit lån. Eg trur heller ikkje alle forstår kor mykje eigenkapital som trengs, for å kjøpa bustad, seier han.

Banksjef Magne Christiansen seier ein må spara både mykje og lenge skal ein koma seg inn på bustadmarknaden Arkivfoto: Arne Frøkedal

Kan skapa forskjellar

Ifølgje banksjef ved Sparebank 1SR-bank i Ølen, Magne Christiansen har bustadmarknaden hardna til for dei unge og fleire må ha hjelp til eigenkapital for å kjøpa sin første bustad.

– Dette er sjølvsagt ein god måte å koma seg inn i bustadmarknaden på, men det kan skapa forskjellar og press blant foreldra. Det kan også binda opp ein stor del av økonomien til foreldra, samtidig som pengesterke foreldre er med på å driva bustadprisane oppover. Mange, spesielt eineforsørgjarar, er ikkje i posisjon til å hjelpa, og det kan skapa større ulikskap og utfordringar for privatøkonomien, seier Christiansen.

Banksjefen ser også ein negativ tendens blant dei unge; Færre av dei unge sparar i BSU i dag enn for berre nokre få år sidan, og dette er skremmande, meiner han.

– Det er så utruleg viktig å byrja med sparing tidleg, og dette gjeld både for dei unge og for foreldra som ønskjer å spara til barna sine. BSU-sparing kan ein jo no bruka som sikkerheit for bustadlån, det kunne ein ikkje før. Foreldre som vil spara til barna sine, bør starta mens dei er små. Om det berre er nokre hundrelappar i månaden, blir det ein god slump den dagen dei treng økonomisk støtte til bustadkjøp, seier Christiansen og legg til at det er viktig at dei unge tidleg forstår verdien av pengar.

Må spara mykje og lenge

Foreldre som ønskjer å hjelpa barna sine inn på bustadmarknaden, kan gjera det gjennom kausjon, som medlånetakar eller med tilgjengelege midlar. Likevel må foreldra vera forsiktige slik at dei ikkje bind opp ein stor del av sin eigen økonomi når dei skal hjelpa barna med kjøp av bustad.

– For å ha råd til bustad må dei unge godta at dei må spara lenge, og mykje. Det er i alle fall mogleg i bygdene våre, der bustadprisane er lågare enn i større byar. Men dei unge må prioritera og akseptera at ikkje alt er tipp topp med ein gong, seier Christiansen.

Les også om Mats Herman og Guro som har plass til eit heilt liv på 18 kvadratmeter:

Guro og Mats Herman Aunevik føler ikkje dei måtte gje avkall på noko viktig for å passe inn i sitt nye minihus.