Sju av ti unge bustadkjøparar får hjelp av foreldre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fleire av bankane i landet fortel Dagens Næringsliv at foreldrehjelpa er aukande. DNB opplyser at delen unge bustadkjøparar som treng økonomisk hjelp frå mor og far, er no på 70 prosent.

Finansiell rådgivar Anne Motzfeldt i Danske Bank seier foreldra ofte stiller opp med realkausjon i form av pant i eigedom som bustad eller hytte når barna deira manglar eigenkapital. I 20 prosent av bustadlånsakene Danske Bank behandlar, stiller foreldra som enten medlåntakere eller kausjonistar for eigne barn.

– Dette er veldig mykje. Dei fleste foreldre vi snakkar med, er positive til å hjelpe fordi det nesten er umogleg for barna å komme seg inn på marknaden, seier Motzfeldt.

Les også reportasjen om Sigurd Randby som har teikna sitt eige minihus.

Still krav til eigne barn

Privatøkonom Reite seier at foreldre må tore å stille krav til eigne barn så dei er rusta til forpliktinga dei tek på seg. Utfallet viss ikkje, kan bli ganske ille, åtvarar han.

– Den beste investeringa foreldre kan gjere, er å la barna spare så mykje som mogleg sjølv, slik at dei kan vise at dei ønsker å prioritere å eige eigen bustad, seier Reite, som er direktør for personmarknad i BN Bank.

Les også om Line som har budd i båt sidan ho var 19: – Som å vere på ferie kvar dag