Over 300 elevar blei litt betre kjent på Stord vidaregåande – ein av 43 skular som er med på Drømmeskolen-prosjektet.

– Favorittretten min er biff, fløytepoteter og béarnaisesaus! seier Tobias Hamre (18), og smiler.

Han er på speed-dating saman med over 300 elevar frå Stord vidaregåande.

På 15 sekund skal to og to elevar helsa på kvarandre og snakka om favorittmat, favorittfilm, kva dei gjer på om 10 år og fleire andre spørsmål. Målet er å bli litt betre kjent med kvarandre på tvers av linjer og avdelingar.

– Det blir oftast til at me som går i klasse med kvarandre, er mest med kvarandre på skulen, fortel Tobias Hamre. Sjølv går han på yrkesfaglinja TIP på Vabakkjen.

Juliana Mohammad (16) trur kanskje ho kjem til å seia hei til folk ho trefte på speed-daten. Foto: Karen Gjetrang

– Klasseskilje

Elevane fortel at det er eit skilje mellom yrkesfagelevane på Vabakkjen og elevane på studiespesialisering på Saghaugen.

– Det er litt klasseskilje, men det synest eg er veldig dumt, seier Juliana Mohammad. Ho og venninna Sarah Lindeflaten går på studiespesialisering.

– Dei på Saghaugen går for det meste i finklede av kjente klesmerke. På Vabakkjen er det meir avslappa, seier Tobias Hamre.

Les også: Total mannsdominans på utdanningane til gitar, bass og trommer

Drømmeskolen

Tredjeklassingen Damian Wlodzimierz Marszalek (18) leier heile speed-datinga. Han er medlem i ressursgruppa for prosjektet Drømmeskolen på Stord vidaregåande. Prosjektet er del av Helsedirektoratet si satsing på psykisk helse i skulen.

– Målet vårt er at alle skal ha det bra, å skapa betre trivsel og betra skulemiljøet på skulen, seier han, og fortel at skulen har opplevd nedgang i fråfallet av elevar.

Damian Wlodzimierz Marszalek (18) er medlem i ressursgruppa for prosjektet Drømmeskolen på Stord vidaregåande. Foto: Karen Gjetrang

Damian kjem frå nabokommunen Fitjar, og kjende ingen i klassen då han byrja på Stord vidaregåande.

– Hadde det ikkje vore for Drømmeskolen, så hadde eg ikkje blitt kjent med så mange og det hadde ikkje vore så kjekt på skulen som det har blitt for meg, seier han.

Drømmeskolen er ein modell utvikla av Organisasjon Voksne for barn, og er i dag på 28 vidaregåande skular og 15 ungdomsskular.

Som ein del av prosjektet får elevane på Stord servert gratis frukost på skulen, og alle nye elevar blir møtt av elevmentorar.

Malin Steinsland, Ulva Nøtland Belt og Hala Emad Eldin Zidia er elevmentorar. Foto: Karen Gjetrang

Les også: Vart lei av bank og frilansliv – starta på sjukepleien

Elevmentorar bidrar

18-åringane Malin Steinsland, Ulva Nøtland Belt og Hala Emad Eldin Zidia er nokre av dei kring 40 elevmentorane på Stord vidaregåande skule.

Dei har ekstra ansvar for å skapa meir trivsel på skulen, og er med på å laga til kvissar, steiker vafler eller gjer andre aktivitetar for medelevane sine.

– Det er skikkeleg kjekt. Me blir betre kjent med kvarandre, og så lærer me mykje av det sjølv. Og så er det jo kjekt å gjera skulen trygg for andre, seier Hala Emad Eldin Zidia, som går på studiespesialisering.

Les også om ungdomsbedrifta som har sysselsett minst tjue personar i Uganda og Malawi.

Oppdatert: måndag 1. april 2019 09.25

Kommentarar

ANNONSE