Desse ungdommane har sysselsett minst 20 personar i Uganda og Malawi

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Mange har problem med at dei står utan ID, bankkontoar og oppstartsmidlar, og lokale bankar har høg rente. Vi såg eit problem og fann ut at vi lett kunne løyse det gjennom mogelegheitene vi har i Noreg, fortel Daniel Bjørkedal frå Flora vidaregånde skule.

Saman med 11 medelevar frå fire ulike klassar starta han ungdomsbedrifta Afrinvest UB. Dei gjev mikrolån til unge afrikanske entreprenørar som har berekraftige idéar, men manglar midlane til å setje dei ut i livet.

Det var Firdaposten som omtalte bedrifta først.

BEDØK i praksis

Frå venstre: Dagleg leiar Elias Myklebust Vaardal og styreleiar Daniel Bjørkedal. Foto: Privat.

Flora vidaregåande skule har eit Afrika-prosjekt som har opna døra for dei unge florøværingane til kontinentet. Elevane har såleis skaffa frivillige samarbeidspartnarar både i Uganda og i Malawi som bistår i arbeidet: Både med å finne og vurdere søkarar til støtte, og med å følgje opp bedriftene etter dei får midlane.

Medan andre ungdomar har fag om bedriftsøkonomi på skulen, så lærer desse vidaregåandeelevane det i praksis:

– Vi har måtta lese oss godt opp. Kompetansen vår var ikkje særleg stor, men vi har måtta tileigne oss den, fortel Vaardal.

Frå kakesal til dørbanking

Utfordringa ligg i å samle inn pengar dei kan vidaresende. Til no har Florø-elevane selt både kaker og armband, hatt kronerulling på nett, og banka på dørene til det lokale næringslivet.

Tanken er at bedrifta til slutt vil kunne gå rundt av seg sjølv:

– Etter kvart som vi får igjen renter så vil vi starte nyinvesteringar, fortel Elias Vaardal, som er dagleg leiar i Afrinvest UB.

Ungdomsbedrifta tilbyr i dag ei rente på 17,5 prosent, som etter norsk standard høyrest høg ut, men står i sterk kontrast til det lokale alternativet på kring 40 prosent. Samstundes fjerner ungdomane behovet for oppstartskapital.

Elevane forklarer at renta lyt vere så høg fordi risikoen er tilsvarande.

Les også reportasjen om Maria (23) som lagar kunstfuglar av plasten ho finn i sjøkanten.

Har sikra 20 stykker arbeid

James har fått støtte av ungdomsbedrifta til å utvide jordbruket sitt. Foto: Afrinvest UB

Gründertanken melde seg i fjor haust, og i desember var bedrifta i gang. Allereie har fire afrikanske bedrifter fått lån frå Florø.

– Vi prøvar å sikte oss inn mot unge entreprenørar som er meir nytenkande og som gjerne har eit ynskje om å gjere ei endring, forklarer Bjørkedal.

Dei to elevane fortel at bedrifta opererer innanfor fleire av FN sine berekraftsmål, men at særleg målet om å sikre anstendig arbeid og økonomisk vekst veg tungt.

Til no kan elevane skryte av å ha fått fleirfaldige menneske i arbeid, minst 20 stykker.

Kaggwa frå Uganda har lånt 5000 kroner frå ungdomsbedrifta, slik at han kan utvikle og effektivisere sopp-produksjonen sin. Pengane vil gjere det mogeleg for han å halde kurs og hjelpe andre til å starte i same yrket.

I tillegg har Robert fått lånestøtte til å kjøpe eit vatningsanlegg som gjer det mogleg å utvikle jordbruket, Ennless til å starte ein butikk i Malawi, og James som ville kjøpe ein større jordlapp.

Gründerane hadde gjerne sett at det kom nye elevar etter dei som kan vidareføre ungdomsbedrifta, men foreløpig er planen at bedrifta skal avviklast ved slutten av skuleåret og at eit eventuelt overskot frå bedrifta skal gå til lokale utdanningsorganisasjonar og yrkesskular. Då kan dei halde fram med verdiskapinga.

Les også: Operasjon Dagsverk 2019 skal støtte ungdom i Kongo

Har skjønt verdien av pengar

Florø-elevane kjem ikkje til å sitje att med verken norske kroner eller ugandiske shilling ved slutten av skuleåret, men dei vil heller ikkje vere tomhendte:

– Det har forandra perspektivet vi har på pengar, seier Vaardal.

Han forklarar at han no slit med å bruke pengar på det han sjølv kallar overprisa, materielle ting.

Samstundes fortel Daniel at ungdombedrifta har gjeve dei ei djupare innsikt i marknaden:

– Vi har forstått at pengar kan ha ein veldig forskjellig verdi. Om vi ofrar 1000 kroner så kan det hjelpe ti personar å kome i arbeid. Vi har forstått at dette er menneske som ikkje har så mykje, og vi som er så heldige bør kunne tilby dei ein liten mogelegheit.

Les også om Vaffelgutane som skal glede heimlause i New York: – Det heile handlar om å dele nokre godord over ein vaffel, og å spre kvardagsglede til folk som ikkje har det like bra som oss sjølv.