Rekordmange blir psykisk sjuke på reise

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var rekordmange i alderen 21 til 40 år som fekk ein alvorleg psykisk sjukdom på reise i 2018. Skadeutbetalingane til forsikringsselskapet vart femdobla samanlikna med året før.

–Vi hadde ei rekke svært alvorlege sjukdomstilfelle med behov for innlegging og heimtransport med medisinsk personale til stades, seier kommunikasjonsrådgivar Gunhild Gjølstad i Europeiske Reiseforsikring.

Les også intervjuet med psykolog Christine Demmo etterlyser meir fokus på korleis personar med bipolar liding fungerer mellom sjukdomsepisodar.

Fleire prøver å rømme

Forsikringsselskapet trur at den kraftige auken kjem av at mange reiser meir og lenger, og at fleire prøver å rømme frå noko. I fleire tilfelle er misbruk av alkohol og rus inne i bildet.

– Dei fleste av dei som blir alvorleg psykisk sjuke på reisa, har ei tidlegare sjukdomshistorie eller noko som ligg latent før dei drar, seier sjukepleiar og skadebehandlar Line Sørbø.

Selskapet understrekar at forsikringane deira berre gjeld sjukdom som oppstår uventa og akutt. Det betyr at dersom ein er sjuk på utreisetidspunktet, kan ein risikere avkorting av skadeutbetalinga.

Les også om initiativet «Hey man!» som skal nedkjempe einsemd hjå menn: – Nokon må ta ansvar for mennene, seier Andreas Emil Hjertaker (33).

Administrator Andreas Emil Hjertaker (33) Facebook-gruppene «Hey man!» kan verte ein trygg plattform der menn i alle aldrar kan finne folk med felles interesser.