Nordmenn har nest høgast personleg forbruk i Europa

Nordmenn hadde i 2017 mellom 8 og 16 prosent større forbruk enn dei nordiske naboane våre, og vart berre slått av innbyggarane i Luxembourg.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan luxembourgarane hadde eit personleg forbruk på 32 prosent over EU-snittet, låg nordmenn 27 prosent over, ifølgje den europeiske kjøpekraftsundersøkinga for 2017, formidla av Statistisk sentralbyrå.

Vi bruker mindre enn andre land på restaurant og hotell, og alkohol og tobakk, men 42 prosent meir enn EU-snittet på rekreasjon og kultur.

Les også om elevane som testa miljøvenleg forbruk: Sette dusj-rekord på under eitt minutt

Islandske kroner går til mat

I undersøkinga blir prisar for varer og tenester retta mot hushald registrert. Resultata blir brukte til å justere prisnivået i nasjonalrekneskapen i landa.

Islendingane brukte klart mest pengar på mat og alkoholfrie drikkevarer i 2017, med 36 prosent meir enn gjennomsnittet. I Noreg var forbruket av mat og drikkevarer 4 prosent under EU-snittet.

Kor mykje varer og tenester eit hushald forbrukar blir påverka av lønn, skattenivå, tilgang og prisar på varer og tenester. I land med høgt BNP per innbyggar er ofte forbruket til innbyggarane også høgt.

Lurer du på korleis du kan minimere forbruket ditt til glede for både lommeboka og klimaet? Guro og Mats Herman Aunevik sitt råd er å bu i minihus:

Minihuset til Guro og Mats Herman Aunevik.