«Når elevane streikar går det ikkje ut over nokon andre enn dei sjølv»

Henrik Engevik Hatlevik, Unge Høgre
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Vi har i det siste – spesielt den siste månaden – sett at elevar skulkar skulen for å demonstrere for klimaet. Det er grunnleggjande positivt at ungdom bryr seg om miljøet, men eg meiner ein skulestreik er heilt feil retning å gå om ein ynskjer gjennomslag for god klimapolitikk.

Les meir: Fredag 15. mars streika elevar i 123 land for klimaet

Streik som verkemiddel

Streik er eit mektig politisk verkemiddel i mange sakar, men i dette tilfellet meiner eg ein streik er eit vagt verkemiddel med lite gjennomslagskraft.

Når arbeidstakarane i ei bedrift streiker går det ut over arbeidsgivaren, og streik kan derfor brukast som eit pressmiddel for å få gjennomslag for ei sak i bedrifta fordi arbeidsgivaren er avhengig av arbeidskrafta til arbeidarane. Dette har me opp gjennom åra sett mange tilfelle på har fungert.

Når det kjem til den aktuelle skulesteiken for klimaet ser eg på streik som verkemiddel på ein heilt annan måte. Når elevane streikar går det ikkje ut over nokon andre enn dei sjølv, som går glipp av verdifull undervisning. Derfor kan ikkje elevane bruke dette som eit pressmiddel for å få politikarane til å leggje om klimapolitikken. Til det trengs det andre framgangsmåtar som eg vil forklare vidare.

Les også: Trassar fråværsgrensa i klimastreik: – Understrekar alvoret

Politikarar og næringsliv

Etter mi meining er den mest effektive måten å endre klimapolitikken å arbeide opp mot politikarane som sit i regjering og på Stortinget, samt stille krav og legge til rette for næringslivet.

For å få gjennomslag i Stortinget er det nødvendig å kunne leggje fram konkret, handfast politikk og argumentere for kvifor akkurat dei tiltaka som vert føreslått vil bidra til å løyse klimakrisa me er inne i.

Dette løyser du ikkje ved å skulke skulen for å vise at du bryr deg om klimaet

Dette løyser du ikkje ved å skulke skulen for å vise at du bryr deg om klimaet. Ein demonstrasjon for klimaet skapar merksemd, men noka konkret gjennomslagskraft er vanskeleg å sjå.

Les også: Regjeringa vil halde «toppmøte» med klimastreikande ungdom – får kritikk

Tre konkrete forslag

Som eit motsvar til dei lite effektive demonstrasjonane vil eg komme med tre konkrete tiltak eg meiner er viktige i klimakampen:

  • Leggje press på industrien og næringslivet for å stimulere til grønare drift, og dele ut innovasjonsmidlar til bedrifter som er villige til å gå inn i eit grønt skifte
  • At Noreg skal ta initiativ til eit internasjonalt fond for handtering av plastforureining
  • Leggje til grunn ei marknads- og miljøbasert nedtrapping av petroleumsproduksjonen på norsk sektor

Det er dessverre ikkje slik at merksemda som oppstår rundt klimaproblemet når ungdom demonstrerer gjev direkte utslag på klimaet. Til det trengs meir konkret arbeid. Derfor vonar eg dei som deltar i klimademonstrasjonane ikkje seier seg ferdige med det, men gjer ein ikkje-symbolsk politisk innsats som faktisk gjer ein forskjell.

Eg vil saman med Unge Høgre arbeide aktivt opp mot Stortinget, regjeringa og næringslivet for å få gjennomslag på solid klimapolitikk. Det er politisk arbeid som fungerer!

Les også: Karl Ove Knausgård og 24 andre kultur- og forskingsprofilar støttar skulestreiken og tilsluttar seg Extinction Rebellion

Forfattar Karl Ove Knausgård er blant dei som støttar streikande ungdommar sin klimakamp. Foto: André Løyning, Forlaget Oktober