Ny rapport: Grove angrep på akademisk fridom
I 52 land har studentar og akademisk tilsette blitt angripne, viser ny rapport. I Colombia blir studentar truga på livet av paramilitære.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Valdelege metodar for å undertrykkja utdanning og utdanningsrelaterte protestar er vanleg i heile verda. Angrepa mot studentar og akademikarar er symptom på ein større kampanje mot ytringsfridom.
Det kjem fram i ein rapport som Global Coalition to Protect Education from Attack (GCPEA) la fram, torsdag. Rapporten tar for seg angrep mot skular, universitet, studentar og akademikarar i 28 land frå 2013 til 2017.
LES OGSÅ: Fred i Colombia – steg for steg
Eksplosivar og overdriven maktbruk
Blant landa som er undersøkt i rapporten er Colombia. SAIH jobbar tett med partnarar i landet for å sikra akademisk fridom, inkludering og demokratiske prosessar i utdanningsinstitusjonane.

– Å leva med frykt er kvardagen til svært mange studentar og akademikarar, seier SAIH-leiar Beathe Øgård. Foto: SAIH
Frå 2013 til 2017 er det rapportert om minst fem angrep på utdanningsinstitusjonar og minst åtte angrep på studentar og universitetspersonell i Colombia.
Angrepa inneber:
- truslar mot studentar og professorar
- bruk av eksplosivar på universitetsområda
- overdriven maktbruk mot studentar frå tryggleiksstyrkane til styresmaktene
- truslar og angrep frå FARC og paramilitære grupper som Las Águilas Negras, som i 2016 truga ei gruppe studentar ved Atlántico-universitetet på livet om dei ikkje forlét universitetet innan ei veke.
– GCPEAs rapport er eit bevis på at det internasjonale solidaritetsarbeidet SAIH driv er viktig. Det er behov for å sørgja for at studentar og akademikere kan utøva den akademiske fridomen sin og ytringsfridom utan frykt for angrep, truslar og andre sanksjonar, seier SAIH-leiar Beathe Øgård.
Les også: Ungdomar jublar for Nobelprisen til Colombia
9 land peikar seg ut
9 land peikar seg ut som dei verste landa i rapporten der det er registrert over 1000 angrep på skular, universitet, elevar, studentar og lærarar. Desse landa er Den Demokratiske Republikken Kongo, Egypt, Palestina/Israel, Nigeria, Filippinene, Sør Sudan, Syria, Tyrkia og Yemen.
Egypt og Tyrkia peikar seg ut som land der angrepa hovudsakleg rettar seg mot høgare utdanningssektoren. Som SAIH dokumenterte i rapporten Besieged Universities blei over 1000 studentar arrestert og 21 studentar drepne under og etter demonstrasjonane mot statskuppet i 2013 og fram til 2016.

Frå ein markering etter sjølvmordsangrepet mot tyrkiske studentar i Suruç i 2015. Foto: Wikipedia
Det dødelegaste angrepet mot tyrkiske studentar fann stad 20. juli 2015, der minst 30 studentar vart drepne av ein sjølvmordsbomber, etter det som er opplyst, frå IS. Etter kuppforsøket i Tyrkia sommaren 2016 har 19828 akademikarar mista jobben, påstått for å vera knyta til Gülen-rørsla. Over 1300 studentar og akademikarar vart i 2017 fengselet, etterlyst, og/eller utrettmessig straffeforfølgd.
LES OGSÅ: Reklamerer for falskt universitet