Fysioterapeutar skal få meir flyktningkunnskap

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Korleis skal helsevesenet møte menneske i eksil, og kva betyr det å leve utan familie og nettverk, med eit ukjend språk, lurer psykomotorisk fysioterapeut Line Giusti på. Ho jobbar ved Senter for migrasjonshelse i Bergen, og dei deltek i eit nytt forskingsprosjekt som skal kartleggje behova til flyktningar i Europa, fortel Høgskulen på Vestlandet i ein artikkel publisert på Forskning.no.

– Fysioterapeutar bør i større grad opparbeide seg ein god relasjon med pasienten, då behovet for tillit og tryggleik hos denne pasientgruppa er stor, meiner ho.

Helsetilstanden heng saman med å ikkje finne sin plass i samfunnet

Giusti seier at det er skadeleg for menneske å ikkje finne sin plass i samfunnet, og kjensla av avmakt heng nøye saman med helsetilstanden.

Nokre av plagene flyktningane som kjem til Noreg ofte kan ha, er muskel- og skjelettplager som følgje av tortur eller andre påkjenningar, smerter i kroppen etter stress eller uro, søvnproblem og ernæringsproblem. Psykiske belastningar elles kan også kome til uttrykk gjennom fysisk smerte.

No skal Høgskulen på Vestlandet leie eit forskingsprosjekt der dei samarbeider med fagmiljø frå Karolinska Instituttet i Sverige, Duke University i USA, HAN University of Applied Science i Nederland, Trinity College i Irland og altså Senter for migrasjonshelse ved Bergen kommune. I tillegg bidreg også Sunnaas sjukehus.

– Det er eit prekært behov for meir kunnskap, og det er fysioterapeutane sjølv som har meldt om dette, seier prosjektleiar og forskar Maria N. Alme ved Høgskulen på Vestlandet.