Desse elevane arrangerer klimastreik på skulen sin

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 18.03.2019 08:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Kvinnheringen.

Markeringa skal skje i kantina på Kvinnherad vidaregåande skule (KVV) der planen er å ha plakatar og ulike aktivitetar.

Ungdomane håpar også å få med lokalpolitikarar som kan svara på kva som blir gjort på miljøfronten i Kvinnherad. Vidare tenkjer dei seg ulike stasjonar, mellom anna med informasjon om klimakrisa og korleis ein kan leva meir berekraftig, samt ein stasjon der ungdomane kan byta brukte kle for å visa at det går an å dempa forbruket litt.

– Vi vil invitera ordføraren og representantar for dei lokale politiske partia til å koma og svara for kva partia deira gjer her lokalt for å dempa den menneskeskapte klimaendringa. Kanskje også leiarar frå dei største bedriftene.

Trioen vil også invitera ungdomsskule-elevane.

Svenske Greta Thunberg (16) har engasjert ungdommar verda over til å streika for klimaet. Foto: Anders Hallberg

– Framtida vår!

Skulestreik for klimaet har gått som ei bølgje over heile Europa. Svenske Greta Thunberg (16) starta det heile i fjor haust, som ein protest mot at vaksengenerasjonen ikkje bryr seg nok om ungdommen si framtid.

Fredag 15. mars streikar ungdommar i 123 land på alle verdas kontinent, inkludert Antarktis.

– Poenget med streiken er å visa at ungdom absolutt bryr seg – det er framtida vår det handlar om, understrekar Mariel Delos Santos Warberg (18).

Tanken er å streika frå skulestart til midttimen. Trioen var inne på tanken å streika framfor rådhuset, slik det blir gjort fleire stader, men etter kvart kom dei fram til at dei truleg kan nå fram til fleire medelevar ved å halda markeringa i KVV-kantina.

– Vi vil starta med i informera om klimakrisa og om korleis dette vil påverka generasjonen vår, seier Jenny Skaale (18).

– Eg har snakka med ein del på ungdomsskulen, og har fått inntrykk av at mange ikkje trur på global oppvarming. Me har lyst til å opna augo deira, seier Mariel.

– Me har òg eit mål om at klimastreiken kan føra til lokale, synlege tiltak både på skulen og elles i kommunen, slik at me får sjå at det faktisk skjer noko.

– Det er ungdomane me ønskjer å treffa, sidan det er ungdomen som får klimaproblema i fanget. Dei som er veljarar og har makt no, gjer ikkje nok, legg Isaac Jørgensen (19) til.

Dei tre synest det er dumt at klimastreiken på KVV ikkje blir same dag som mange andre stader i landet, men det skuldast kollisjon med fagdag.

– Uansett er det bodskapen som er viktigast, understrekar Mariel, Jenny og Isaac.

Flott engasjement

16 av 18 fylkeskommunar godkjenner ikkje klimastreik som politisk fråvær, noko både Elevorganisasjonen og Landsrådet for Noregs Barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) reagerer på. 

Leiinga ved KVV set pris på miljøengasjementet blant elevane.

– Som skule ser vi svært positivt på at elevane engasjerer seg i miljøsaka. Det er eit svært viktig tema, og vi ser at elevane gjennom skulestreiken kan bli meir bevisste på eit område vi ønskjer dei skal engasjera seg. I tillegg ser det ut til at det kan bli eit strukturert og bra arrangement, seier avdelingsleiar Hilde Svalbjørg.

– Korleis blir det med fråvær for dei som deltar i streiken?

– Det er ikkje heilt avklara enno – vi skal ha eit leiarmøte måndag. Vi er opptekne av at elevane skal kunna engasjera seg i dette, utan at dei skal risikera vitnemålet om fråværsprosenten totalt sett blir for høg i eit fag, seier Svalbjørg.

Ho fortel vidare at KVV truleg vil rå elevane som vel å streika om å nytta ordninga der ein kan søkja om fri for å gjera sjølvstendig studiearbeid. Denne ordninga krev ein avtale mellom lærar og elev, slik at eleven forpliktar seg å ta igjen det faginnhaldet ho eller han går glipp av i den aktuelle skuletimane.

Fylket har ifølgje Svalbjørg signalisert at det ikkje skal bli gitt fri for dei som deltar i klimastreik. Dermed er individuelle avtalar om sjølvstendig studiearbeid som verkar å vera den mest aktuelle løysinga.

– Vi diskuterte òg om skulen kunne arrangera ein temadag om klimaendringane – det er fleire fag som har klimautfordringane i fagplanane. Men initiativtakarane ønskjer at klimastreiken skal vera noko dei har eigarskapen til sjølve, fortel Svalbjørg.