Desse borgarane er mest uroa for at klimaendringar skal prege landet

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Ipsos har spurt eit representativt utval personar frå 28 ulike land om kva tema dei er mest bekymra for i sitt eige land.
Globalt svara 11 prosent at klimaendringar var den største uroa. Medan kvar fjerde canadiar og velståande kinesar drog fram klimaendringane som den største urofaktoren, var det berre 1 prosent av argentinarar som gjorde det same.
Les også: På lista over dei 50 byane i verda som har dårlegast luftkvalitet er 22 byar kinesiske.
Klimaet høgst på urolista til kvar femte svenske
I heimlandet til den svenske klimaktivisten Greta Thunberg framheva kvar femte person klimaendringane som temaet som forårsaka størst uro.