Namnet «Vestland»: Ein siger for lokaldemokratiet?

Yngve Flo
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Den 19. mai kunne pressa melde at rogalendingar, møringar og romsdalingar hadde tapt den indre maktkampen i KrF. Stortingsgruppa til partiet gjekk inn for at den samla fylkeskommunen av Hordaland og Sogn og Fjordane skal heite «Vestland», og dermed vart det også fleirtal for denne løysinga i Stortinget den 7. juni. Dette er naturlegvis eit nederlag for alle oss som har uttalt oss sterkt kritisk til namnevalet. Vi er mange som har peikt på det uheldige ved å gje landsdelsnamnet ei ny og langt meir innsnevra tyding, både for dei som no vert redusert til det som spøkefullt har vore omtala som restlendingar, og for oss som sit att i eit kraftig redusert og ringare «Vestland».

Var det verkeleg lokaldemokratiet som utspelte seg?

Men kanskje skal vi fyrst som sist riste av oss det vestlandske nederlaget, og prøve å finne eit forsonande trekk ved utfallet? Då avgjerda til KrF-gruppa vart kjent, uttrykte fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane straks glede: Dette vitna om ein respekt for lokaldemokratiet, sa ho då. Måten ho uttrykte seg på, var eit ekko av orda kollega Anne Gine Hestetun (Ap) i Hordaland ytra då regjeringa ein dryg månad tidlegare gav tilslutnad til namnet: Dette var ein siger for lokaldemokratiet, sa Hestetun då. Og kanskje er det her vi kunne finne trøysta, som gode demokratar: Om vi er usamde i avgjerda, kan vi vel i det minste slå oss til ro med at vi har sett ekte lokaldemokrati utspele seg framfor auga våre? Spørsmålet er berre om dette verkeleg er tilfelle.

I ein viss forstand har fylkesordførarane naturlegvis rett: Namneskiftet har solid ryggdekking blant dei folkevalde i båe fylkeskommunane. Om lokaldemokrati er identisk med lokale fleirtalsvedtak, er det berre å lene seg tilbake og applaudere. Men så finst det dei som meiner at vi skal stille større krav til lokaldemokratiet, i alle høve i ei sak som denne. For dette er ei kulturpolitisk sak som er definerande for identitet og tilhøyrsle for minst ein million menneske i og utanfor den nye fylket, og som er med på å endre språkbruken til heile nasjonen. Vi må kunne forvente ein grundig prosess, inkludert freistnader på å involvere innbyggjarane, og sjølvsagt også ei solid fagleg kvalitetssikring og lutring. Dette var i røynda ekstra maktpåliggjande, sidan heile namnediskusjonen har gått føre seg etter lokalvala i 2015. Dette er ei stor og varig endring som aldri var tema i valkampen, og som innbyggjarane følgjeleg ikkje hatt høve til å ta stilling til ved valurnene. Vurdert i dette lyset, er det lite grunn til å juble over den lokaldemokratiske forankringa av «Vestland».

Visjonen stod seg ikkje

Då startskotet gjekk for regionreforma, vart alle fylkeskommunar inviterte til å ta «nabopraten». Dette var ei tid for politisk entreprenørskap, og ideen om ei politisk-administrativ samling av alle vestlandsfylka tok form. Som uttrykk for ein politisk visjon, var det heilt naturleg å knyte seg til vestlandsnamnet. Så var det berre det at visjonen ikkje stod seg i møtet med dei politiske realitetane.

Tanken om å involvere det nordlegaste vestlandsfylket hadde fleire ivrige talspersonar, men møringane og romsdalingane gjekk aldri inn i reelle tingingar. Dei tre sørlegaste fylka gjekk vidare, og ein framforhandla intensjonsplan låg klar 15. september 2016. «Fylkestinga går inn for at den nye regionen sitt namn blir Vestlandsregionen», heitte det her, men føresetnaden heldt ikkje stikk. Fylkestinget i Rogaland sa nemleg nei til heile avtala. Hordaland og Sogn og Fjordane heldt så fram på eiga hand. Fire månader etter den førre avtala, låg ei ny klar. Og i løpet av desse fire månadene skjedde det verkeleg finurlege. At tre fylke var redusert til to, og at 1,1 millionar innbyggjarar var redusert til 630 000, var nemleg knapt til å merke i punktet som omtala fylkesnamnet: «Fylkestinga går inn for at den nye regionen sitt namn blir Vestlandet/Vestlandsregionen», heitte det i den nye intensjonsplanen av 17. januar 2017.

Mislukkast

Det heile var eit fascinerande skode: Ambisjonen om å samle Vestlandet som ei politisk og administrativ eining mislukkast. Men i staden for å ta konsekvensane, og innsjå at det som kom ut av prosessen var noko heilt anna enn det som var målet, oppstod ein heilt ny logikk: Medan tanken fyrst var at fylkeskommunar skulle slå seg saman for å realisere Vestlandet, var Vestlandet no identisk med dei fylkeskommunane som klarte å slå seg saman. Hordaland og Sogn og Fjordane la enkelt til grunn at dei no sat att med disposisjonsretten over namnet «Vestlandet». Og kva hadde dei naboane i nord og sør å klage over? «Dei hadde tilbodet, men dei ville jo ikkje vere med!»

Og frå nyttår 2017 var dei leiande kvinner og menn til å rikke – nesten. Fylkeskommunane synest å ha sett si ære i å vende det dauve øyret til alle dei til dels sterke innvendingane som har kome frå ulike faglege autoritetar, med Språkrådet i spissen. Kva folket måtte ha å seie, ikkje minst den halvparten av alle vestlendingar som bur utanom grensene for dei to fylka, har heller ikkje vore så interessant. Det einaste som har gjort eit visst inntrykk på dei fylkeskommunale elitane i Bergen og på Hermansverk, er den harde kritikken frå partifellar i Rogaland og Møre og Romsdal. Etter det som synest å ha vore eit oppheta møte på statsrådens kontor i januar 2018, tok saka ei ny vending: Dei to fusjonsfylka modifiserte namnevalet, dei gjekk frå bestemt til ubestemt form, frå «Vestlandet» til «Vestland». Logikken synest vere at dette på den eine sida var eit fundamentalt anna namn, eit slags kompromiss som burde tilfredsstille alle kritikarar – men på den andre sida grunnleggjande sett det same namnet, og iallfall ikkje ei endring som kravde folkeleg eller fagleg forankring. «Vestland» er eit endå dårlegare alternativ enn «Vestlandet», og eit namn som vil skape meir forvirring enn oppklåring, var den eintydige dommen frå Språkrådet.

Bitter bismak

Fylkesnamna våre er eit nasjonalt ansvar. Når sentrale styresmakter i dette tilfellet delegerte det reelle avgjerdsmyndet til fylkeskommunane – og dessutan droppa kravet om å høyre både eigne innbyggjarar og naboane – så syntest det vere ut frå ei førestelling om at lokaldemokratiet eller sjølvstyret gjer jobben minst like godt som staten ville ha gjort. Men det har ikkje vore tilfelle her. Om staten ikkje hadde abdisert, ville den nye fylkeskommunen utan tvil ha fått eit namn som var langt sterkare kvalitetssikra, gjennom faglege vurderingar og ei brei og grundig høyring.

Så om namnet «Vestland» er ein siger for lokaldemokratiet, er det i alle høve ein siger med ein bitter bismak. Det lokaldemokratiet som har sigra, står som ein motsetnad til, og ikkje som ein føresetnad for kvalitet. Dette er alvorleg, for når kommunar og fylkeskommunar får ansvar for å handtere nasjonale oppgåver, er det ut frå forståinga av at dei evnar det same som staten, og tilfører avgjerdene kunnskap og legitimitet. Dette er spesielt viktig å hugse på i desse dagar, då fylkespolitikarane kjempar ein kamp om fleire oppgåver, om meir makt og ansvar. Ambisjonane er store på kulturfeltet, der eit ekspertutval har føreslått fylkeskommunalisering av ei lang rekkje oppgåver. Til dømes vil ansvaret for nasjonale institusjonar som Den Nationale Scene og Bergen Filharmoniske Orkester hamne i hendene på fylkespolitikarane i «Vestland».

Framlegget har allereie møtt sterk motbør. Skepsisen til at fylkespolitikarane er i stand til å forvalte denne oppgåva på ein måte som tener kulturlivet, er stor. Og om vi vel å sjå prosessen kring namnesaka som ein fyrste prøvestein for korleis det nye «Vestland» evnar å handtere eit nasjonalt kulturpolitisk ansvar – er det då grunn til å tru at skepsisen vert mindre?