Richard Storken får nynorsk tekst
Éin av fem kinoar skal ha nynorskteksting på den premiereklare animasjonsfilmen Richard Storken.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
I dag har den tysk-norske storfilmen Richard Storken premiere på norske kinoar med undertekstar på både nynorsk og bokmål. Dette er ein av dei fyrste barnefilmane med norske stemmer som vert teksta.
Dagleg leiar i Euforia film, Vibeke Skistad, skriv i ein e-post til Framtida.no at dei har valt å teksta filmen for at alle skal få med seg kva som blir sagt.
Ho vil gjerne nå ut til dei som vanlegvis unngår animasjonsfilmar. Hørselshemmedes Landsforbund opplyser om at det er 750 000 vaksne og 2500 born i Noreg som er høyrselshemma.
– Det er ofte vanskelegare å oppfatte dialogen i animerte og dubba filmar. Karakterane har mindre mimikk og gjer det vanskeleg å lese leppene deira. Då vert det vanskeleg å få med seg alt som blir sagt i morosame og kjappe dialogar – også for dei som ikkje er høyrselshemma, skriv Skistad.
Tekst på alle barnefilmar
Hørselshemmedes Landsforbund har i desse dagar eit prosjekt som tek sikte på at alle barnefilmar som har premiere i 2017, skal visast med tekst, slik at det vert ei meir universell utforming av kinotilbodet. Målet er at teksting av dubba barnefilmar skal finansierast av myndigheitene og verta eit krav i lovverket.
Dagleg leiar i distribusjonsselskapet Euforia Film fortel at tekstinga kostar mellom 10.000 og 15.000 kroner, ein kostnad dei har valt å ta sjølv fordi dei meiner det er viktig. Skistad oppmodar no publikum og kinoar om å etterlysa teksting av animasjonsfilmar, slik at fleire følgjer etter.
Skistad er klar over at tekst i biletet for mange kan vera eit forstyrrande element som øydelegg heilskapen, men meiner at det viktigaste er at «alle skal med».
LES OGSÅ: Kinosjefar vil ha meir nynorsk
Den dansk-norske storfilmen «Skammerens datter» frå 2015 byggjer på suksessbøkene av danske Lene Kaaberbøl, som er gitt ut på nynorsk av Samlaget og fekk sjølvsagt teksting på både nynorsk og bokmål.
Skistad nemner også at mange slit med å forstå andre dialektar enn sin eigen.
– Det i seg sjølv kan vere eit argument for å teksta, sjølv om eg personleg synest det er litt leitt. Dialektargumentet gjeld ikkje denne filmen, men vi har fleire morosame karakterar som snakkar gebrokkent, og det kan vera godt å ha undertekstar å stø seg på der, meiner Skistad.
Mållagsjubel
Leiar i Noregs Mållag, Magne Aasbrenn, er særs nøgd med at filmselskapet har teke initiativ til å teksta filmen på begge språk.
– Det er viktig at det norske språket og språkmangfaldet blir tatt vare på i populærkulturen for barn, og det gjeld både dei norske røystene og teksting, seier Aasbrenn i ei pressemelding.
Dei jobbar for at tospråkleg teksting vert standardløysinga for norske filmar.
Ifølgje Skistad har nesten 40 av 200 kinoar valt å visa filmen med nynorsk tekst.
– Det er riktignok ikkje dei største kinoane, men like viktige for oss, understrekar ho.
LES OGSÅ: – Tida er overmoden for nynorske tekstar
I 2015 kunne norske kinosjefar kan velja om dei vil ha dialogen mellom Siren Jørgensen og dei andre skodespelarane i vestlandsfilmen «Hevn» på anten nynorsk eller bokmål. Foto: Euforia/Den siste skilling