Forskarar slår alarm om skuleskytingar

Den dødelegaste amerikanske skyleskytinga hende 14. februar i år ved Marjory Stoneman Douglas High School i Parkland, Florida. Forskarar meiner dei ser ein epidemi.

Frode Grimelid
Publisert
Oppdatert 20.04.2018 22:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Studie: – Skuleskytingane er ein epidemi

– På mindre enn 18 år har vi allereie sett fleire dødsfall enn i løpet av heile det førre hundreåret, seier Antonis Katsiyannis til springer.com.

Katsiyannis er forskar ved Clemson University i USA. Han og kollegaane meiner at drapa på dei 17 elevane i Florida er del av ein epidemi som krev handling. Det kjem fram i ein studie der forskarane har gått gjennom skuleskytingar heilt tilbake til 1940.

I statistikken er berre det som er rekna som ei «masseskyting» med, det vil seie at fire eller fleire personar er drepne, ikkje medrekna skytaren. I 1942 skaut ein rektor seks vaksne personar. På 50- og 60-talet var det ikkje liknande hendingar, men sidan 1979 har det vore ein stødig auke i skuleskytingar.

Mange unge og ustabile

– Ein alarmerande trend er at dei fleste skyttarane på sidan år 2000 er unge, noko som tyder på at det er enklare å få tak i skytevåpen, og at dei oftare lir av psykiske problem eller er for dårlege på å handtere konflikt.

I førre århundre vart 55 menneske drepne og 260 skadde. 25 av gjerningspersonane var kvite menn som handla åleine. Ni var diagnostisert med psykisk sjukdom. Seksti prosent var mellom 11 og 18 år.

Sidan år 2000 har det vore 13 hendingar med. Einslege gjerningspersonar har drept 66 menneske og skadd 81.

Katsiyannis trekk fram fleire punkt som bør endrast. Mellom anna meiner han at ein bør fjerne restriksjonane som set grenser for forsking på hendingar med våpen.

Klar samanheng mellom tilgang og tal drepne

Forskarane meiner også at ein må følge opp arbeidet som vart sett i gang av president Obama etter skuleskytinga i Newtown i 2013.

Det inneber betre trening av politi, skuleleiing og andre involverte partar, men det betyr også ei skjerping av våpenlovene. Katsiyannis og kollegaane viser til andre studiar som seier at det ikkje er belegg for at væpna vaktar eller innbyggarar reduserer dødsfall eller skadar ved masseskytingar.

Motsett har gjerningspersonane sin tilgang på våpen ein tydeleg samanheng med kor mange som blir drept.

Strengare reglar og førebyggande innsats

Katsiyannis vil derfor ha betre rutinar for å sjekke kjøparen ved sal av våpen, strenge reglar for kva type våpen ein kan kjøpe og grenser for kor mykje ammunisjon magasina kan halde.

Førebygging på skulane vert også lagt vekt på, særleg med tanke på å førebygge, oppdage og ta tak i psykiske problem. Det blir peika på at mykje av det som trengst finst, men at systema er underfinansierte og underbemanna.

– Førebyggende innsats krev ikkje berre ny politikk og nye lover, men også auka og målretta finansiering av føderale, statlege, lokale og private, seier Katsiyannis.