MDG med krisepakke for å hindre insektdød

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ein trussel om massedød blant insekt er òg ein trussel mot alt anna liv på jorda. Det er derfor viktig at vi no tar grep. Insektdød er eit akutt problem som krev raske og nye svar, både for eit sunnare jordbruk, betre arealbruk og meir naturvern, seier MDGs Une Bastholm til NTB.

Skjebnen til insekta fekk auka merksemd då ein ny, illevarslande forskingsstudie kom for eit par veker sidan. Konklusjonen var at ein stor del av insektartene i verda er i rask tilbakegang og på sikt trua av utrydding.

Les meir: Insekt-død gir uante ringverknadar

Hastar

Fortset utviklinga, blir konsekvensane katastrofale både for økosystema til planeten og overlevinga for menneska, åtvara hovudforfattar Francisco Sánchez-Bayo.

Sjølv om uvissa er stor, er det mogleg å seie ein del om kva som vil skje viss utviklinga fortset. Det kan føre til at større insektetande dyr og fuglar kan døy ut, i tillegg til at planter kan bli borte.

MDG meiner det hastar med å ta grep. Partiet fremmar derfor eit forslag om ei politisk krisepakke, som inkluderer 24 konkrete tiltak.

– Dessverre var vi vitne til ein idétørke då vi i førre veke spurde klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) om kva regjeringa gjer for å redde insekta i Noreg. Det hastar å gjere noko, og derfor leverer vi no ei liste på 24 forslag for å hindre insektdød i Noreg, seier Bastholm.

Les også: Insektekspert åtvarar mot robotgrasklippar

MDG meiner det hastar med å ta grep for å hindre insektdød, slik som forskarar har åtvara om. Dei vil fremme ei krisepakke med 24 konkrete tiltak, som blant anna inneber å gi insekta meir plass. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK

Meir plass

Dei viktigaste årsakene til tapet av insekt er reduserte leveområde, intensivt landbruk og sprøytemiddel, ifølgje studien.

– Vi må gi insekta meir plass. Dei døyr ut fordi vi har kvitta oss med plantene og leveområda dei er heilt avhengige av. Det intensive landbruket med lite beiting og slått, der det blir dyrka same planteart på same jordstykke år etter år, øydelegg det naturlege plantelivet. Vi må få ein landbrukspolitikk som tar vare på det biologiske mangfaldet, påpeikar Bastholm.

Forslaga frå MDG har tatt omsyn til årsakene. Dei inneber mellom anna andre driftsformer i jordbruket og betre vern og forvalting av skog, i tillegg til at det bør leggast til rette for blomsterenger på private eigedommar.

Ifølgje MDG bør i tillegg kommunar, fylke og statleg verksemd påleggast å etablere og skjøtte blomsterenger på eigedommane sine. Samtidig som det må settast av middel til klima- og miljørådgivarar i kommunane.

Les også: Miljøpartiet Dei grøne (MDG) foreslår at miljødagen – 5. juni – blir gjort til nasjonal fridag frå 2019

Overvaking

Åtvaringane til forskarane har allereie ført til tiltak, og til våren startar den aller første kartlegginga av alle Noregs insekt. Norsk institutt for naturforsking (NINA) har, på oppdrag frå Miljødirektoratet, levert ei orientering om korleis kartlegginga best mogleg kan gjerast.

Forskarar og Artsdatabanken har utarbeidd ei raudliste over kva for arter som risikerer å døy ut i Noreg. Hittil er det registrert rundt 17.000 insekttypar i Noreg, og rundt 1.000 arter blir rekna som trua.