MDG vil gi alle fri på verdsmiljødagen
Miljøpartiet Dei grøne (MDG) foreslår at miljødagen – 5. juni – blir gjort til nasjonal fridag frå neste år av.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er på høg tid at miljøsaka får ein fridag. Dette engasjerer stadig fleire folk, og vi vil også at miljødagen blir ein dag ein forbind med noko positivt: Det å ha fri i sommarvarmen, seier MDGs nasjonale talsperson Arild Hermstad til VG.

MDG-talsperson Arild Hermstad vil at nordmenn skal få ein ekstra fridag. Foto: Heiko Junge / NTB scanpix / NPK
For MDG er det likevel ikkje snakk om å byte ut nokon av dei gamle fridagane, slik fleire har tatt til orde for i det siste. Partiet meiner vi har for lite fri i utgangspunktet og vil innføre ein bonusfridag.
- Les også: Plastfri for ein dag
– Meir fritid gir betre livskvalitet. Vi ønsker fleire fridagar, eller at ein har kortare arbeidsdagar. Fagrørsla har ført ein kamp for kortare arbeidsdagar i eit hundreår – eg ser ikkje nokon grunn til at det skal stoppe opp.
– Målet med å jobbe er jo at vi skal leve gode liv, seier Hermstad til avisa.
5. juni vart innført som FNs miljødag i 1972 for å auke folks medvit om miljøspørsmålet. I år er temaet plast.