Insektekspert åtvarar mot robotgrasklipparar

Norsk entomologisk (insekt-) forening meiner robotgrasklipparar trugar mangfaldet av insekt. No ber dei folk kvitte seg med grasklipparane og gå til innkjøp av ljå.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Insektekspert åtvarar mot robotgrasklipparar

Tidlegare har alt Pinnsvinhjelpen åtvara mot at robotgrasklipparar kan skalpere piggsvin.

No åtvarar også insektekspert og leiar Lars Ove Hansen i Norsk entomologisk forening mot dei sjølvkøyrande grasklipparane, som blir stadig meir populære. Han meiner det biologiske mangfaldet blir øydelagt av desse grasklipparane.

– Blomane forsvinn og med dette produksjonen av pollen og nektar som er livsgrunnlaget for dei fleste insekta våre. Særleg bier og humler, men også andre insekt er avhengig av nektar i sitt vaksne liv, seier Hansen i ei pressemelding frå Sabima, som Norsk entomologisk forening er underlagt.

Les også: Humlar har fått kortare tunger

– Ein bør ikkje finklippe plenen

Han har ei viktig oppfordring til folk som bruker robotgrasklipparar.

– Dei bør kvitte seg med robotklipparen og gå til innkjøp av ljå eller ein grasklippar som kutter graset høgare. Ljå er det aller beste, då kutter ein på gamlemåten. Deretter bør graset fjernast. Det kan godt leggjast i kompost. Då kjem blomane, og deretter sommarfuglane, humlene og biene. Det verkar som folk rett og slett hatar blomar, seier Hansen.

Les også: Grøn stemning på hybelen

Desse to importerte plantane gagnar ikkje pollinatorane

Insekteksperten er også kritisk til nordmenns favoritthekkar.

– Tuja og sypress er ganske uinteressant for insekt og gir lite bidrag til det biologiske mangfaldet. Dei bidrar verken med pollen eller nektar og gir lite nytte for andre arter i norsk natur. Eg har planta ut hasselhekk på hytta mi, seier insekteksperten.

Les også: Mindre plantevernmiddel i matvarer