Birge Nagel-Alne tok eit målretta val for å nå NBA-draumen

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Grannar. 

Det er fredag kveld. Du tenkjer kanskje TGIF (Thank God it’s Friday) og har allereie planane om ei chill helg saman med venner etter ei lang veke med norskinnlevering, prøve i naturfag og tal som ifølgje fasiten i matteboka skal gå opp i opp, men som irriterande nok ikkje gjer det på ditt rekneark.

Birge Nagel-Alne (17) har også hatt ei travel veke med skulearbeid, men tankane hans er retta mot nok ei kamphelg idet han startar oppvarminga til ei firetimars treningsøkt saman med eliteserielaget Frøya Basket og deira U19-lag.

17-åringen frå Vikebygd ønskjer å satsa på ein karriere innan basketball, og valde difor å flytta til Bergen for å gå på Hordalands største toppidrettsgymnas Metis, der han kan kombinera utdanning med sin idrett i større grad enn han kan heime i Vindafjord.

– Lukkast du er det verdt det, seier Birge om alt arbeidet han legg ned i både skule og idrett.

Les også: Ny folkehøgskule vil vere eit tilbod for «dropouts»

Tre gonger i veka er det morgontrening i Vikinghallen ved Brygga med klassen frå gymnaset. Deretter følgjer teori fram til 15.30. Etter det må vikebuen skunda seg heim for å eta, før neste treningsøkt byrjar om kvelden.

Det handlar om prioritering

Han gjer ei kjapp kalkulering og kjem fram til talet 20 når han får spørsmål om kor mange timar han trenar i veka.

I tillegg kjem kampdagar i helgene saman med andredivisjonslaget til Frøya, og kampar med U19-laget. Og som dei fleste 17-åringar i Noreg, sit han på skulebenken frå morgon til ettermiddag kvar vekedag.

– Av og til kunne eg tenkt meg ein fredagskveld fri for eksempel, men skal du satsa må du trena og prioritera idretten, seier Birge.

Grannar treffer på han på ein god dag, ettersom det er mattedag på Metis. Matte er eit av favorittfaga til Birge.

Skal du satsa må du trena og prioritera idretten

– Det var tungt i byrjinga då eg først kom hit, for det var så lange dagar. Men det hjelpte å kunna konsentrera seg om berre eitt fag kvar dag, fortel vikebuen, og siktar til det Metis kallar blokkdagar der elevane berre har eitt fag å konsentrera seg om kvar dag.

17-åringen synest det er kjekt å vera i eit miljø der alle har same interesse for trening. Jamvel om medelevar satsar på ei anna form for idrett, har dei til felles motivasjonen, lidenskapen og ei forståing for arbeidet ein må leggja ned for å kunna lukkast.

For Birge har det betydd at han har måtte flytta vekk frå heimen, frå familie i Vikebygd og venner på Ølen der han starta vidaregåande utdanning.

Les også om Caroline Piasecka som fekta seg til gratis utdanning i USA. Ho fortel at sjølv om du ikkje er i verdstoppen i Noreg, så kan du vere god nok for idrettsstipend der. 

Viktig med vennskap

– Eg reiser heim ein gong i månaden, viss eg er heldig, seier Birge, men forsikrar at han er flink til å ringja heim til mamma eit par gonger i veka.

For det å komma til ein storby frå ei lita vestlandsbygd var ein stor overgang, særskilt er balanseringa mellom skule, trening og det sosiale ei utfordring.

– Tøffe periodar kan det jo bli, og då kjenner eg at det er godt å gjera noko i staden for å sitja inne på rommet. Og her i Bergen er det fleire ting å finna på enn heime i Vikebygd, seier Birge.

Hans tips til dei som er nye ein stad, er å berre kasta seg i det og bli kjent med folk.

– Eg har hatt ein kjekk klasse her og heng ofte med dei etter trening. Då går me ut og et i lag, går på kino, fjelltur og ser kampar, fortel 17-åringen.

Hybelliv. Birge sine sambuarar Marcus Larsson (19) frå Oslo (t.h) og Ognjen Nisavic (28) frå Serbia spelar også for Frøya Basket. Marcus vurderer å studera idrettspsykologi ved sida av sporten, medan Ognjen allereie har tatt ei utdanning. Han spelar basket på fulltid og er toppscorar for Frøya som nå ligg på fjerde plass i tabellen.

Les også intervjuet med Kine Olsen frå Mesternes mester: – For meg var det ei glede å få drive med det eg likte aller mest.

Klare mål og draumar

Han har i alle fall kort veg til det meste i regnhovudstaden.

Frå kjøkkenvindauget på hybelen ser han rett på universitetsmuseet i Bergen. Her kikkar han ut på alle studentane som svinsar hit og dit mellom fakulteta på Høyden, medan han lagar seg pastarettar til middag.

– Har du tenkt å studera etter at du er ferdig med vidaregåande?

– Eg har tenkt på det. Men eg veit ikkje kva eg vil studera enda, seier Birge.

Målet er først og fremst å gjera det bra i den norske basketballigaen og sikta seg inn på toppnivået i Europa, nærare bestemt Spania.

Draumen er endå større; å spela på dei same arenaene som LeBron James, Kobe Bryant og Kareem Abdul-Jabbar i Nord-Amerikas største basketballiga, NBA.

Og for å nå dit må ein tørra å velja annleis og prioritera idretten, skal ein tru Birge Nagel-Alne.

Birge satsar på å verte like dyktig som denne basketballbautaen: 

Les også om Maren Hilde Verlo som i mars skal spele om gull for Noreg: – Det følast stort!