Fleire gutar vel kvinnedominerte fag på vidaregåande

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Helse- og oppvekstfag har som studieretning blitt meir populær hos begge kjønn, og talet på mannlege elevar har auka frå 2.300 i 2010 til 4.600 elevar i 2018. Det vil seie at den mannlege delen elevar har auka frå 12,4 til 19,6 prosent, skriv Statistisk sentralbyrå i ei pressemelding.

Det har også blitt fleire menn som vel vidaregåande opplæring innanfor design og handverk. Auken har vore store særleg etter 2016, då medieproduksjon vart tilgjengeleg som utdanningsløp innanfor design og handverk. Parallelt med dette gjekk medier og kommunikasjon frå å vera yrkesfag til å verta studieførebuande løp.

I fag der det tradisjonelt er flest mannlege elevar, har det også vore ein auke av kvinnelege elevar. Bygg og anleggsteknikk har fått ein kvinneauke frå 3,7 prosent i 2010 til 6,1 prosent i 2018, medan elektrofag i same periode har hatt ein auke frå 4,8 til 6,0 prosent.

Les om Henriette (18), som drøymer om å setja seg bak rattet i ein diger Scania:

Dette er den store jentedraumen. Om knappe tre år vonar Henriette Hundhammer å kunne setje seg bak rattet på ein diger Scania og suse land og strand rundt. Ho fann seg godt til rette i førarsetet på Hustvedt og Skeie sin eine trailer på parkeringsplassen hos Fatland. Foto: Torleif Heggebø