I Bokåret 2019 lagar Nynorsk kultursentrum seks nye utstillingar, skipar til tre barnebokveker og står for arrangement i heile landet.

– Nynorsk kultursentrum er ein av dei fem største aktørane i Bokåret, den einaste som tek utgangspunkt i det nynorske og ein med store ambisjonar om å nå folk i heile landet, seier direktør Per Magnus F. Sandsmark i ei pressemelding.

I 2019 byr Nynorsk kultursentrum på ei rekkje arrangement over store delar av Noreg: Frå seminar om nynorsk bokhistorie i Oslo til arrangement om nynorsk i Trøndelag.

Temautstillingar om litteratur og språk vil også vere fritt tilgjengelege for innlån av bibliotek, ungdomslag, kulturhus og andre aktørar i heile landet.

Les også: Ho vil sikre at ingen blir fråtekne gleda av å lese ei god bok

Vil syne 500 år med bokskattar

Allereie har Nynorsk kultursentrum kring 30 vandreutstillinga, og no lanserer stiftinga seks nye. Desse tek føre seg fuglar i lyrikken, Carl Frode Tiller, Aasmund Olavsson Vinje, den fleirspråklege bokhistoria, skeiv litteratur og vinnarane av Tarjei Vesaas’ debutantpris.

– Den norske litteraturen er mangfaldig og fleirspråkleg. Vi vil syne fram bokskattar frå 500 år med bøker i Noreg, syne samanhengane mellom natur, kultur og samfunn, løfte fram debutantane sine bidrag til norsk litteraturhistorie og gjere fleire nysgjerrige på mangfaldet som finst i Noreg, seier Sandsmark.

Samstundes vil Nynorsk kultursentrum markere at det i 2019 er 150 år sidan dei første nynorsksalmane blei gjevne ut, og samstundes gjort forbodne å bruke i kyrkja.

I samband med Bokåret 2019 kan du vere med å stemme fram din favoritt av dei nynorske barne- og ungdomsbøkene. 

Nynorsk til borna

I Bokåret 2019 inviterer Nynorsk kultursentrum også til nynorsk barnepoesiveke i Hordaland og Hallingdal, nynorsk barneforteljingsveke i Telemark, Setesdal og Ryfylke og nynorsk sakprosaveke på Sunnmøre og i Nordfjord. 

– Ungane med nynorsk som førstespråk treng å sjå språket sitt i bruk. Gjennom positive opplevingar med ulik litteratur på eige språk vonar vi det blir enklare og kjekkare å vere nynorskelev, seier Sandsmark.

Til hausten kjem det også ut ei bok til glede for dei aller yngste. Nynorsk kultursentrum og tunkatten Lurivar frå Aasen-tunet har samla inn nye ord frå born i heile landet, som til dømes middagspølseregn, måneblære og blyantpudding.

Les også: Nytt tilbod for nynorske barnebøker i skulen

Oppdatert: måndag 18. februar 2019 13.18

Kommentarar

ANNONSE