Nytt tilbod for nynorske barnebøker i skulen
I samband med Bokåret 2019 tilbyr Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet gratis undervisningsopplegg til utvalde nynorske barnebøker.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det nye tilbodet heiter «Bok på 1-2-3» og skal også syne korleis ein kan arbeide tverrfagleg med litteratur.
– Vi ønskjer at Bok på 1-2-3 skal vekkje interesse for nynorske barnebøker med ulike tema. Opplegga skal vere prega av leik, undring og læreglede. Tanken er at dei skal vere enkle å ta i bruk, fortel Guro Kristin Gjøsdal ved Nynorsksenteret i ei pressemelding.
Les også: No kan du bli med på kåringa av dei beste nynorske barne- og ungdomsbøkene
Ni barnebøker
I samarbeid med Ivar Aasen-tunet har dei plukka ut ni barnebøker som dei vil presentere i løpet av bokåret.
– Bøkene vil vere tilgjengelege for strøyming i kvar sin månad slik at lærarane kan bruke dei på storskjerm i klasserommet, forklarer Ida Karin Aarflot Kornberg ved Ivar Aasen-tunet.
Boktipsa og undervisningsopplegga vil også vere tilgjengelege på Nynorsksenteret og Ivar Aasen-tunet sine nettsider. Endå Bok på 1-2-3 i hovudsak er laga for barneskulen, så kan bøkene og delar av opplegget også nyttast i ungdomsskulen.
Les også: Treng du lesestoff? Årets bokmeldar Silje Duus deler sine ti favorittar