I bresjen for bøker til alle

I år feirar vi det nasjonale bokåret her i landet. Men 500 år etter at den første norske boka blei trykt, strevar stadig fleire nordmenn med å lesa. Det vil foreininga «Leser søker bok» gjera noko med.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ho vil sikre at ingen blir fråtekne gleda av å lese ei god bok

I Bokåret 2019 går foreininga nye vegar for å skapa gode litterære opplevingar for folk som slit med å lesa.

Med slagordet «Forfattar til alle» og nesten ein million kroner i støtte frå Nasjonalbiblioteket planlegg organisasjonen ein turne med ulike arrangement landet rundt. Målgruppa er først og fremst folk som ikkje har høve til å vera med på litteraturarrangement til vanleg.

– Planen er å besøkja asylmottak, eldrebustader, demensavdelingar, sjukehus, spesialskular, arbeidsplassar, bibliotek og andre institusjonar, seier dagleg leiar Monica Helvig i «Leser søker bok».

I Bokåret 2019 har foreininga i tillegg fått støtte til å utvikla to sceneproduksjonar som skal på turne i Noreg.

– Den eine produksjonen blir ei framsyning med ein spelemann og ein skodespelar basert på boka «Spelemannen frå Korsneset», som i utgangspunktet er tilpassa eldre lesarar. Den lettlesne romanen er skriven av Gro Nilsdatter Røsth og byggjer på livet til musikaren Karl Gustav Karlsen Korsnes.

Les også: Brenn for at alle skal få bøker å lese

Tradisjon og nytenking

Den andre produksjonen blir ein sceneproduksjon bygd rundt ein teikneserie. Kva teikneserie det blir er førebels ikkje bestemt. Satsinga er eitt av fleire nye tiltak for å spreia litterære opplevingar til yngre personar som slit med å lesa.

Samtidig som foreininga satsar på å fornya seg, trur Monica Helvig at det å kunna setja seg ned med ei god bok i framtida blir stadig viktigare. Ho peikar på at mange ungdommar også føretrekkjer papirbøker når dei verkeleg skal kosa seg.

– I den tida vi lever i no, treng vi verkeleg det litt handfaste, noko konkret som vi kan dykka inn i, setja til side og ta fram igjen. Eg trur difor bøker berre blir viktigare og viktigare.

Veit du om ei god bok? I samband med Bokåret 2019 kan du vere med å kåre dei beste barne- og ungdomsbøkene på nynorsk.

Bøker for alle

For «Leser søker bok» er det avgjerande at det finst gode bøker for alle.

– Det viktigaste for meg er at alle skal få høve til å ta del i den gode opplevinga det er å lesa litteratur. Ingen skal bli fråtekne den retten fordi det ikkje finst bøker som passar, slår Monica Helvig fast.

Eg trur difor bøker berre blir viktigare og viktigare

På Litteraturhuset i Oslo leier ho ein stab med åtte tilsette som ivrar for at alle som på ulikt vis strevar med å lesa, likevel skal få del i gode bokopplevingar.

– Det er ikkje nødvendigvis slik at dei som slit med å lesa, slit med leselyst. Det kan òg vera at dei strevar med å finna dei bøkene som fører dei inn i litteraturen, strekar ho under.

Les også– Unnskyld mormor! I 2019 skriv eg bok om sex, makt og kjærleik

– Aukande behov

Helvig fortel at behovet for tilrettelagt litteratur blir stadig større. Ifylgje «Leser søker bok» slit så mange som éin av tre vaksne med å lesa ein vanleg tekst, og kvar femte elev i den norske skulen strevar med å lesa. Rekna om i tal betyr dette ifylgje organisasjonen at nærmare ein million nordmenn har problem med å lesa ein vanleg tekst.

– Det kan vera enkle leseutfordringar der ein ikkje nødvendigvis har nokon diagnose, men kanskje slit med å tileigna seg ein lang tekst. Dette ser vi at det blir meir og meir av i den tida vi lever i med mobiltelefonar og korte meldingar, utdjupar Monica Helvig.

Det er særleg unge som slit med lengre tekstar. I tillegg arbeider organisasjonen med å leggja til rette litteratur for mange andre målgrupper som dyslektikarar, demente, hørsels- og synshemma og folk med andre funksjonshemmingar som har problem med å tileigna seg ei vanleg bok.

– Vi arbeider også mykje med folk som har norsk som andrespråk, og som treng ein innfallsport til norsk litteratur, fortel Helvig og viser stolt fram to lettlesne biletbøker med små tekstar på norsk og arabisk.

Treng du lesestoff? Årets bokmeldar Silje Duus anbefalar ti gode bøker for ungdom.

HØGTLESING: Kvar femte elev i norsk skule slit med å lesa, men høgtlesing kan vera ein døropnar til gode bokopplevingar for fleire. Illustrajonsfoto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

– Eit demokratisk problem

At folk strevar med å lesa er ikkje berre eit problem for den det gjeld, men eit stort samfunnsproblem, meiner organisasjonen. Det blir peikt på at tilgang til bøker er viktig både for å ta del i litterære opplevingar og for å forstå samfunnet og den verda vi lever i.

– Men utgangspunktet vårt er den gode opplevinga, som vi meiner det er ein demokratisk rett å ta del i, strekar Monica Helvig under.

For å leggja til rette for dette blir det lagt vekt å laga lesarvennlege bøker med god litterær kvalitet.

– Mange blir overraska over det mangfaldet og den kvaliteten som finst av tilrettelagde bøker, seier Helvig og viser fram den eine fine boka etter den andre.

Utgangspunktet vårt er den gode opplevinga

Ho meiner dei fleste tilrettelagde bøkene også passar godt for mange som ikkje har utfordringar med å lesa.

På nettstaden til «Leser søker bok» og i søkjebasen til organisasjonen finst det til saman 1.500 titlar som er tilrettelagde, eller som har ei eller anna form som gjer at boka kan passa for ein person som ikkje er så god til å lesa.

I desse dagar har foreininga nettopp laga ei liste med dei hundre beste bøkene for alle som er gitt ut dei siste tre åra.

Les også: Tolv gode sakprosabøker eg høyrte i 2018 (og som du bør høyra i 2019)

BØKER FOR ALLE: Så mange som ein av tre vaksne slit med å lesa ein vanleg tekst. Dagleg leiar Monica Helvig i “Leser søker bok” ivrar for at det likevel skal finnast gode bøker for alle. Her med ei av dei mange bøkene foreininga har tilrettelagt og som er seld til 20 andre land.
Foto: Margunn Sundfjord / NPK