Linja «Den unge ingeniøren» skal lokke gutane til studiespesialisering

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er henta med velvilje frå Grannar.

– Linja blir også kalla «Den unge ingeniøren», seier rådgivar Jens Martin Martinsen ved Ølen vidaregåande skule.

Praktisk retta

Han forklarar at faget skal by på meir praksis enn teori, gjennom blant anna modellbygging, design og utforming, arbeid med sensorar og styringssystem, programmering og 3D-printing.

– Me prøver å få bedrifter med på laget slik at elevane får litt kjøtt på beinet, seier rådgivaren, og siktar til erfaringa elevane får gjennom å ta del i arbeidslivet, og sjå korleis teori kjem til nytte gjennom praktiske oppgåver og løysingar.

Han er sikker på at elevane som søkjer seg til linja ikkje nødvendigvis må ha eit ønskje om å bli ingeniør.

Les også: Lokkar elevane til yrkesfag med Lego-robot, VR-briller og klikk-app

Auka interessa for realfag

Dei seinare åra har det vore ei skeiv fordeling på studiespesialiserande i Noreg.

I førsteklassen som starta på Ølen vgs i august var det til dømes 16 jenter og seks gutar. På idrettslinja var det noko jamnare med ni jenter og sju gutar.

– Målet med den nye linja er å få interessa opp blant gutane til å velja studiespesialiserande, ved å gjera tilbodet meir praktisk retta, seier Martinsen.

Han viser til at yrkesfaga tradisjonelt er populære fag blant søkjarar i Ølen.

– Me ser generelt at det er mange flinke som går ut i yrkesfag. Då søknadsportalen opna fekk me inn 12-13 søkjarar til Teknisk og industriell produksjon (TIP) etter få dagar. Det viser at elevane har fått med seg at det er oppsving i bransjen igjen.

Også i elektrofaget og byggfaget er det kamp om plassane.

I alt er det ni studietilbod på Ølen vgs, inkludert tilrettelagt undervisning.

Les også meiningsinnlegget frå Tomine Hjelvik Berge: «Yrkesfag eller studiespesialiserande – ditt val!»

VG1 Design og Håndverkklassen trivest med praktisk retta fag. Hanna Bendiksen Brekke (16) (t.v) vil bli arkitekt og skal gå vidare på interiør og utstillingsdesign til hausten. Det skal også medelevane Eldbjørg K. Guggedal (16), Siri Sande Frette (16) og Alexander Førland (17). Men dei er usikre på vegen etter vgs. Foto: Sirianne Vikestad

Stå på eigne bein

– Me skulle gjerne sett at fleire søkjer seg til Design og Handverk. Mange tenkjer nok at ein må vere kreativ for å gå der, men det er jo akkurat det du skal utvikla på denne linja. Då kan du for eksempel gå vidare på barn- og ungdomsarbeid på VG2, fortel Martinsen.

Han har eitt ønskje han vil formidla til dei som nå sit og lurer på kva dei skal søkje seg inn på:

– Ikkje gjer det som kameraten din gjer. Mange vel feil på det viset. Prøv å stå på eigne bein og følg hjarta. Det er det beste rådet. Det er alltids høve for omval, men då må ein kanskje gå lengre på skule, seier rådgivaren.

Les også: Jobben deira vil bli å ta jobben frå andre