– Det er dumt å sitte på kvar sin haug og finne opp kruttet på nytt

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Victor Starheim og Elise Stokken er i full gang med å rekruttere organisasjonar. Foto: Privat.

– Ofte er problema frivillige organisasjonar møter på ganske like, og då er det dumt å sitte på kvar sin haug og finne opp kruttet på nytt, fortel Elise Stokken.

17-åringen frå Ørsta er ein av initiativtakarane til det nyleg skipa barne- og ungdomsrådet i Møre og Romsdal. Dei håpar å samle all barne- og ungdomsfrivilligheita i fylket under ein paraply.

– Då får vi ein felles plattform for problemløysing og påverknad, seier Stokken.

Les også: Unge er meir villige til å støtte klimavenleg politikk

Det niande rådet

Til no har nyskipinga på Møre samla 13 organisasjonar: Frå dei tradisjonsrike 4H og KFUK-KFUM til lokale greiner av ungdomspartia Senterungdommen, AUF, Unge Venstre og Unge Høgre.

Paraplyorganisasjonen håpar ein variasjon i medlemslag og styre vil gjere rådet sterkt og stabilt, slik at dei kan arbeide mot eit felles mål:

– Det er veldig viktig at barn og unge skal ha påverknad. Vi utgjer ein stor del av befolkninga, men det er ikkje den tilsvarande delen i folkevalde organ, seier Stokken.

Når barne- og ungdomsrådet (BUR) i Møre og Romsdal vert offisielt lansert i slutten av neste månad vert rådet det niande av sitt slag. Frå før eksisterer BUR i Akershus, Hordaland, Oslo, Troms, Vest-Agder, Vestfold, Østfold og Nord-Trøndelag.

Les også om LNU sin kampanje for å setje fokus på ungdom i fredsprosessar: – Når ungdom får vere med i samtalen gjev det perspektiv som elles ville gått tapt.

Lokalt behov

– Eg ynskjer dei all lukke til, og dei må ikkje vere redde for å ta kontakt, seier Agnes Nærland Viljugrein.

Ho er styreleiar i UngOrg, barne- og ungdområdet for Oslo. Dei har drive på sidan 1984, og har i løpet av dei siste 35 åra rokke å tydeleg erfare verdien av ein slik fellesnemnar for frivilligheita.

– Vi får ein heilt annan legimitet, og kan fremje interessene på ein mykje breiare måte, fortel Viljugrein.

Agnes N. Viljugrein er styreleiar i UngOrg. Foto: Privat.

Ho understrekar at det er eit tydeleg behov for slike paraplyorganisasjonar lokalt. Både til å bistå med økonomisk og organisatorisk rettleiing, men også fordi barne- og ungdomsorganisasjonar har lågare ressursar, færre vaksne og høg utskifting. Difor er dei sårbare, og det er godt å ha nokon å lene seg på.

– Stå på!

Viljugrein har følgjande råd til det nyskipa BUR i Møre og Romsdal:

– Først og fremst, stå på! Sjølv om det kjem til å vere trått i starten kan de ikkje la det stanse dykk. Kjemp vidare for at born og unge skal få drive med frivilligheit, og ha høge forventingar og krav til politikarane.

Les også: – Det er så mange som vil lytte til ungdom, men som ikkje høyrer etter når ungdom snakkar