Avtroppande festivalsjef fryktar for frivilligheita i Noreg

Vinjerock er heldige med at frivillige reiser langvegs frå for å drifta festivalen, men festivalsjefen er uroa for frivilligheita elles i samfunnet.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

– Det ei kjempefin erfaring og du møter masse trivelege folk og føler du får meir eigarskap til festivalen på eit vis, seier Frøya Jørgensdatter.

21-åringen studerer til vanleg friluftsliv i Volda, og har i år sitt første år som frivillig på fjellfestivalen Vinjerock ved Eidsbugarden.

Bra for studentbudsjettet

– Det verkar som ein veldig kul festival, og eg er veldig glad i å gå på tur og så synest eg jo det er veldig fint å gje tilbake.

Som student synest ho òg det er ein fordel at ho får med seg festivalen gratis dei kveldane ho ikkje jobbar.

Venninna Hedda Hove (22) var frivillig som fjellkokk på Vinjerock i fjor og er tilbake i år – denne gongen som trivselsvakt.

Studentane har i løpet av helga to vakter på åtte timar kvar. Dagen i førevegen gjekk dei trivselspatrulje rundt til campande festivalgjester, og denne vakta er dei ein del av ordenspatruljen og sjekkar bagar og armband på folk på veg inn på festivalområdet – og ynskjer velkommen med store smil.

– Eg er veldig einig med det Frøya seier: Det er veldig gøy å føla at ein er ein del av festivalen. Ein er på ein måte med og arrangera og får litt meir eigarskap til det. Det er veldig stas, så er det jo ekstra gøy når ein har fri og berre kan vera med etterpå, smiler ho.

– Privilegert situasjon

Avtroppande festivalsjef i Vinjerock Guro Furunes Pettersen byrja på festivalen som artistvert i 2014 og har seinare hatt ansvar som frivilligsjef.

Dei siste åra har fleire festivalar rapportert om dalande interesse for å jobba frivillig. Òg Vinjerock hadde ein dupp i 2022, men i år har festivalen 750 frivillige, som kom på plass i god tid før festivalen.

– Vinjerock er jo i ein privilegert situasjon. Me er heldige med at det er dyktige og flotte frivillige over heile landet som ynskjer å koma tilbake til oss og vera her, seier Pettersen.

Ho gler seg over at festivalen ikkje har same utfordringane som resten av bransjen, og anslår at rundt halvparten av dei frivillige er gjengangarar, medan resten er nye andlet.

Frivillige året rundt

Festivalen har 3,8 årsverk fordelt på seks stillingar, og har 40 frivillige nøkkelpersonar i staben som jobbar frivillig med festivalen året rundt.

Pettersen kan ikkje få rosa staben nok, men er uroa for framtida til frivilligheita i Noreg.

– I samfunnet elles er jo dugnadsånda på veg ned. Det er ei utfordring. Frivilligheita fyller så innmari viktige funksjonar i samfunnet vårt, som me tek for gitt, seier Pettersen.

– Konsekvensen er at det vert eit fattigare samfunn. Det vert eit dårlegare tilbod til meir ressurssvake familiar. Det vert eit dårlegare tilbod til folk som går seg bort i fjellet. Det vert eit dårlegare tilbod, rett og slett, åtvarar festivalsjefen.

Jobb vs. lønn

Studentane trur grunnen til at fleire festivalar slit med å skaffa frivillige er at mange tenkjer det er mykje jobb i forhold til kva dei får att.

– Men du får kjempemykje tilbake, både sosialt og erfaring, understrekar Jørgensdatter.

Hove medgjev at det er jobb, men har ikkje problem med det så lenge det er langt inne i fjellheimen i godt vêr. Ho set pris på den varierte festivalopplevinga, der ho både får sett korleis festivalen fungerer og ha fri og gå på konsertar.

– Har prisen på festivalbillettane noko å seia for at de vel å vera frivillig?

– Ja, det er ein viktig grunn til at det er digg å vera frivillig. Ein får mykje festival for lite pengar og det gjer det verdt det for meg, seier Hove, som set pris på å få lønn i kraft av festivalpass til nærare 3000 kroner.