Her tek AUF-leiaren Sarah sin telefon

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ungdom er blant dei som rammast aller hardast i verdas krigar, men samtidig blir dei utelatne frå fredsprosessar. Vi kan ikkje godta at ei gruppe som utgjer éin fjerdedel av verdas befolkning ikkje vert høyrt i spørsmål om krig og konflikt, seier LNU-leiar Rode Hegstad i ei pressemelding.

Måndag 19. november lanserte Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU) kampanjen «Sarah’s Phone», som set fokus på unge som fredsbyggjarar i krig og konflikt.

Les også: LNU: – Me er på veg mot eit demokratisk utanforskap

«Sarah’ phone»

Kjernen i kampanjen er ein film om den fiktive karakteren «Sarah» og mobiltelefonen hennar.

I videoen bidreg mellom anna AUF-leiar Ina Libak, FpU-leiar Bjørn Kristian Svendsrud, nestleiar i Changemaker Harald Berger og leiar i ANSA Hanna Flood.

Dei norske ungdommane får lese teksmeldingar som vert sendt til «Sarah» sin mobil som står på utstilling i ein butikk. Urolege meldingar vitnar om at dei rundt ho er bekymra for ho etter at ho er avbilda liggjande etter eit møte med det som ser ut som opprørspoliti.

Med filmen vil LNU visa korleis ungdom ikkje er passive offer, men spelar ei aktiv rolle i å byggje fred og løyse konfliktane de lever i.

Vil ha Noreg i front

I dag lever kring 600 millionar unge i krig og konflikt. Dette utgjer 40 prosent av dei som lever i krigsherja område.

Tryggingsrådet i FN vedtok resolusjon 2250 om ungdom, fred og sikkerheit i desember 2015. Den forpliktar alle land i FN til å jobbe for at unge skal bli inkludert i fredsprosessar.

Leiar i Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU), Rode Hegstad, meiner Noreg bør vera ein pådrivar for å gjennomføra Tryggingsrådet i FN
sin resolusjon om ungdom, fred og sikkerheit. Foto: LNU

LNU viser til at Finland er det einaste av FN sine 193 medlemsland som har byrja arbeidet med å implementere resolusjonen og meiner det er på tide at Noreg kjem på banen.

– Innsatsen Noreg har gjort på likestilling og kvinner sin plass i fredsarbeid har gjort oss til eit føregangsland internasjonalt. No kan vi bli eit føregangsland innan ungdomsrepresentasjon òg, seier Hegstad.

Les også: Likevel ikkje fred i Colombia?

Unge kan skapa eller løysa konfliktar

LNU viser til at ei ung befolkning vert ofte assosiert med auka risiko for væpna konfliktar, men at ein studie frå United Network og Young Peacebuilders (UNOY) viser at inkludering av ungdom i fredsprosessar styrkjer demokratiet, reduserer vald og bidreg til mindre diskriminering.

– Ungdom kjenner sin eigen situasjon best, og når ungdom får vere med i samtalen gjev det perspektiv som elles ville gått tapt. Inkludering av ungdom auka sjansen for varig fred, seier LNU-leiaren.

Landsrådet for Noregs barne- og ungdomsorganisasjonar (LNU)

  • LNU er ein paraplyorganisasjon for 97 norske barne- og ungdomsorganisasjonar, med til saman 450.000 medlemsskap.
  • Medlemsorganisasjonane er demokratiske og frivillige barne- og ungdomsorganisasjonar, og representerer eit stort mangfald av aktivitetar og verdiar.
  • LNU jobbar med tre hovudoppgåver: politikk, kompetanse og støtteordningar.

Kjelde: LNU