Hei, Sylvi!


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg ser at du nettopp har gitt ut ei bok. Gratulerer med det. Eg har ikkje lese den, men den er sikkert veldig fin og garantert veldig godt formulert. Du er flink med å formulere deg. Har høyrt at du har jobba med dette tidlegare.

Eg ser også at denne boka har fått mykje merksemd i media siste dagane. Mest merksemd rundt det litt kontroversielle du har skrive i boka. Det har du fått mykje merksemd for.

Det er kjekt med merksemd, det syns i alle fall eg. Men eg blir ikkje skrive om i media like mykje som du. Det må vere ganske stas, men sikkert litt skummelt også.

Så ser eg at ordet «meiningseliten» har fått mykje merksemd. Veit ikkje heilt kva dette er, men eg lurer litt på om du kanskje vil putte meg i denne kategorien. Eg er i alle fall musikar og du har visst kategorisert oss musikarar som ein del av «meiningseliten».

Men nok om det. For det er ikkje dette eg vil snakke om.

Eg vil invitere deg på ein kaffi 🙂

For vi har ganske mykje til felles eg og du, Sylvi! Eg reknar med at du ikkje veit kven eg er, men du skjønar at vi er nesten frå same stad. Eller eg er frå ein litt mindre stad enn du, men du kan faktisk sjå mi bygd i frå der du kjem frå!

Vi bur også begge i Oslo no. Tenk det. Eg trur vi hadde kosa oss godt med å snakke om Sunnmørsalpane og alle dei gøymde perlene innover i Hjørundfjorden. Eller så kunne vi ha delt alle dei gode minnene vi har frå fjellturar rundt om i distriktet.

Det hadde også vore godt å endeleg snakke med nokon her i Oslo som skjønar ordet «låkt». Som betyr vondt, om du skulle ha kome i skade for å gløyme det. Vi har heilt sikkert andre artige dialektord som vi også kunne ha delt med kvarandre, og humra litt til klangen av dei.

Vi Sunnmøringar har jo så godt samhald også. Det er kjekt. Og eg veit veldig godt at samhald er noko du set stor pris på. Det høyrer eg godt på måten du pratar. Du har ein spesiell evne til å føre folket saman du, Sylvi!

Det hadde òg vore fint om du kunne forklare meg litt meir om dette konseptet «meiningseliten». Ordet elite har eg før forbunde med personar med høg løn, god utdanning og som har stor innverknad på folk.

Eg blir litt forvirra av at eg då blir assosiert med dette ordet. Stor inntekt har eg ikkje, og heller ingen stor utdanning. Men dette kan du heilt sikkert forklare til meg over kaffien. Du har jo ganske god utdanning og det verkar til at du kan mykje om det meste.

Kaffien får du spandere forresten, for eg trur du har ein del høgare løn enn meg.
Hehe 🙂

Uansett hadde det vore kjekt om du har tid og lyst til å treffe ein sunnmøring her i storbyen!

Håpar å høyre frå deg.

Klem,
Jon Olav

Les om då Jon Olav sa «Hei, Erna» her