Vil stanse Netflix si nysatsing: «Vil skape eteforstyrringar»

Synne Grimen Hammervoll
Publisert
Oppdatert 01.08.2018 10:08

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Insatiable har premiere på Netflix 10. august, og er beskrive som ein mørk komedie. Etter at traileren vart lagt ut på Youtube den 19. juli, har serien fått sterk kritikk for å fremje eit negativt kroppsbilete.

I traileren møter me Patty, som vert mobba og utestengt på grunn av vekta si. Etter å ha blitt slått til må ho få kjeven sydd saman, og når ho byrjar på skulen att, er ho tynn.

Plutseleg har ting endra seg, og folk ser henne annleis. Ho kan velje og vrake i kven ho vil hengje med, for no vil alle vere ven med henne. Men det er ikkje godt nok for Patty, som heller vil ha hemn på dei som mobba henne.

Får hard kritikk

Traileren har ført til sterk kritikk frå mange for såkalla «fatshaming». På nettsida change.org har det vorte starta ein underskriftskampanje for å få Netflix til å stanse serien. I skrivande stund har kampanjen fått nesten 180 000 underskrifter.

Serien får hard kritikk for promotering av såkalla «fatshaming». Foto: Netflix

Kampanjen vart starta av Florence Given, som grunngjev kampanjen slik:

«I så lang tid har kvinner og unge, mottakelege jenter, blitt fortalt at for å vere populære, ha vener, vere attraktiv for det mannlege blikket, og til ein viss grad vere eit verdig menneskje… må me vere tynne».

Vidare vert det skrive at problemet er langt større enn denne serien, men at serien vidarefører giftige idear om diett og objektifisering av kvinnekroppen. Det vert understreka at serien kjem til å skape fleire eteforstyrringar, og at traileren allereie har trigga folk som slit med eteforstyrringar frå før.

Given hevdar at Netflix sitt økonomiske tap om dei let vere å vise serien, vil vere langt mindre enn skaden serien kan utgjere for unge jenter.

Forsvarar serien

Både tekstforfattaren bak serien, Lauren Gussis, og hovudrolleinnehavaren, Debby Ryan, har teke til Twitter for å forsvare seg mot kritikken.

Gussis skriv blant anna at serien er inspirert av hennar eiga ungdomstid. Ho sleit med å føle seg utanfor, og hadde samstundes eit ønske om å sjå betre ut.

«Eg trudde at om eg såg finare ut på utsida, ville eg føle at eg var tilstrekkjeleg. I staden utvikla eg ei eteforstyrring… og den typen sinne som får deg til å ville gjere mørke ting», skriv ho.

Ho skriv vidare at serien er ei åtvarande historie om nettopp det å tru at utsida er viktigare, og ber folk gi serien ein sjanse.

«Skummelt å bevege seg i verda i ein kropp»

I si melding skriv Debby Ryan at ho bryr seg djupt om korleis spesielt kvinner sine kroppar vert kontrollert og skamgjort.

«Eg var spent på å jobbe med Insatiable, fordi dette er ein serie som omtalar og konfronterer desse ideane gjennom satire».

Akkurat som Gussis, fortel ho om eigne problem med kroppsbilete, og ho skriv at ho har slite med det i tolv år. Ho forklarar kvifor ho vart trekt mot serien.

«Den er villig til å vere ærleg om kor vanskeleg og skummelt det kan vere å bevege seg gjennom verda i ein kropp, anten du blir rosa eller kritisert for han».

https://twitter.com/DebbyRyan/status/1020770952827744258

Humoren ligg ikkje i vekta

Ryan fortel òg at humoren i serien ikkje ligg i vekta til Patty, og at det var viktig for både henne og Lauren Gussis at Patty si vekt aldri var punchline i spøkane.

Ho forklarar at Patty gjennomgår ei fysisk endring, men skriv òg at dette ikkje skjer ved at ho svelt seg sjølv. Vektendringa gir Patty andre moglegheiter enn før, men den gjer henne ikkje lukkelegare.

«Me er ute etter å kaste eit skarpt blikk på øydelagte, farlege system, som likestiller det å vere tynn med det å ha verdi».