Angola avkriminaliserer homofili

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Onsdag 23. januar stemte parlamentet i Angola for å fjerne den over hundre år gamle lovteksta som forbyr «vices against nature», som har vorte tolka som eit forbod mot sex mellom personar av same kjønn.

Det skriv Human Rights Watch på sine nettsider.

Antidiskrimineringslover

Human Rights Watch kjenner ikkje til at personar i landet har vorte tiltalt for homofil praksis, men ifølgje interesseorganisasjonen Iris Angola vert medlemmane deira diskriminert i helsevesenet og utdanningssystemet.

Organisasjonen Iris Angola, som vart etablert i 2013, kalla det ein «historisk siger» då dei i fjor vart anerkjent av myndigheitene.

LHBT-rørsla i det vestafrikanske landet kan òg jubla over at regjeringa no har innført nye antidiskrimineringslover som skal verne personar med ulike seksuelle legningar. Ein kan no få inntil to års fengsel for å diskriminere på bakgrunn av seksuell legning.

Les også: Tapte folkeavstemming om likekjønna ekteskap i Taiwan

FRI jublar

FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold jublar over nyheitene frå den tidlegare portugisiske kolonien.

– Me gratulerer skeive i Angola med denne viktige sigeren og håpar at det blir det første av mange land i Afrika som fjernar undertrykkande lover, skriv organisasjonen  i ein Facebook-post.

Framleis er det 69 land verda over der samtykkande sex mellom to personar av same kjønn er straffbart, men i både Kenya og Botswana er høgsterett i ferd med å vurdere om desse lovene er grunnlovsstridige.

I 2014 vann ei gruppe som kjempar for eit tredje kjønn i Kenya ein viktig siger då dei vann igjennom rettsvesenet med saka si og fekk registrere organisasjonen Transgender Education and Advocacy.

Fleire avkriminaliserer homofili

I september i fjor kunne inderar jubla då høgsterett i landet slo fast at lovteksta som forbyr sex mellom personar av same kjønn var grunnlovsstridig. I likheit med lova i Angola var dette ei lovtekst som stamma frå kolonitida.

Dei siste åra har dei afrikanske landa Lesotho og Seychellene, avskaffa antihomolover. Det same har dei oseaniske øystatane Palau og Nauru, samt dei tidlegare portugisiske koloniane Mosambik, São Tomé og Príncipe og Kapp Verde.

Les også: Noreg krev etterforsking av tortur og drap i Russland