Plan International Norge håpar den nye bloddråpe-emojien fører til at vi snakkar meir om mensen.

– Mensen er ikkje berre litt flaut. Mange stadar i verda er det så tabubelagt at jenter mister skulegong, fortel Kari Helene Partapuoli, generalsekretær i Plan International Norge, i ei pressemelding.

Organisasjonen håpar at den nyleg annonserte bloddråpe-emojien kan gjere det mindre flaut, og mykje enklare å prate om mensen.

Les også: Kjære Bent Høie og Nikolai Astrup, la oss snakke om mensen!

To år med arbeid

Allereie i mai 2017 etterlyste Plan International i Storbritannia mensen-emoji. Då viste ei undersøking at det framleis er mykje skam og stigma knytt til menstruasjon: jenter og kvinner slit med å prate med andre om noko dei opplever kvar månad.

For å få slutt på skamma er det heilt sentralt å prate om mensen, meiner organisasjonen, og kva er då betre enn å ta i bruk det globale og veksande språket: Emoji?

55 000 mennesker var einige med Plan International, og signerte eit opprop for å få ein mensen-emoji. No kan dei alle sleppe jubelen laus, for emojien er på veg.

Les også om 18 år gamle Amika George som med rørsla #FreePeriods vil sikre gratis bind og tampongar til låginntektsfamiliar i Storbritannia:

I fjor deltok Amika George på ein TEDx-arrangement der ho fortalte om #freeperiods. Foto: Wen-Yu Weng, TEDx CoventGardenWomen
I fjor deltok Amika George på ein TEDx-arrangement der ho fortalte om #freeperiods. Foto: Wen-Yu Weng, TEDx CoventGardenWomen

Normaliserer mensen

Ein emoji kan ikkje løyse alle problem knytt til menstruasjon: som myten om at jenter er ureine når dei har mensen, at nokre ikkje har råd til bind eller tampongar, eller at redselen for å blø igjennom hindrar jenter frå å fullføre skulegongen.

Men Plan International håpar emojien er eit steg i riktig retning for å normalisere mensen.

– Den nye emojien er eit uttrykk for kva 800 millionar jenter og kvinner opplever kvar månad. For å få slutt på skamma rundt mensen må vi begynne å snakke om det, sier Partapuoli. 

Les også: Skottland gjev gratis bind og tampongar til studentar

Oppdatert: fredag 8. februar 2019 11.18

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE