Amika George (18) starta rørsla #FreePeriods

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 27.05.2020 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sjølv om det er ein heilt naturleg prosess som halve verdas befolkning går gjennom kvar einaste månad er me framleis for flaue til å snakke om det. Det er eit kjempeproblem, seier Amika George til The Evening Standard.

Førre veke mottok den britiske 18-åringen The Global Goals-prisen frå Bill og Melinda Gates si stifting. Prisen vart delt ut på arrangementet Goalkeepers 18 under FNs generalforsamling i New York, der òg statsminister Erna Solberg var tilstade.

Jenter mistar skulegong

I 2017 leste den då 17 år gamle jenta frå London ein artikkel i BBC om korleis jenter heilt ned i elleveårsalderen gjekk glipp av skule fordi dei ikkje hadde råd til bind. Nokre tydde til naudløysingar som sokkar, tørkepapir eller gamle t-skjorter istadenfor bind eller tampongar.

– Det kom som eit sjokk på meg. Eg hadde aldri høyrt omgrepet «period poverty» før, seier Amika George i ein video frå CNN Opinion.

På nettsidene til nyheitskanalen har ho òg skrive eit innlegg om kvifor ho i fjor starta oppropet #freeperiods, som i løpet av nokre veker fekk over 2000 underskrifter.

Ho viser til ei undersøking frå Plan International i fjor, som viste at éi av ti britiske jenter i alderen 14-21 år har opplevd å ikkje ha råd til sanitærprodukt.

Ifølgje ein rapport frå UNESCO går jenter i Afrika sør for Sahara glipp av opptil tjue prosent av skulegongen sin på grunn av menstruasjon. Situasjonen er ikkje betre i Sør-Asia der tal frå UNICEF viser at éi av tre jenter går glipp av skulegong under menstruasjon på grunn av dårlege sanitærforhold.

Sjå Goalkeepers sin presentasjon av feminist og aktivist Amika George her: 

180 000 underskrifter til Theresa May

Til no har over 180 000 skrive under på oppropet i Storbritannia, som er adressert til statsminister Theresa May.

Tanken er at jenter frå familiar med låg inntekt, som i dag har rett på gratis mat på skulen i Storbritannia, òg vil få gratis bind og tampongar.

Britiske skuleelevar med foreldre som tener mindre enn 16 190 pund i året får  i dag gratis skulemat.

I Skottland vart det i fjor sett i gang eit prøveprosjekt med gratis sanitærprodukt for kvinner frå familiar med låg inntekt, eit prosjekt som vart vidareført i år, melder The Independent.

Les meir: Skottland gjev gratis bind og tampongar til studentar

Her kan du høyra Amika George fortelja meir om #freeperiods og kvifor me burde snakka meir om mensen:

Mensen i partiprogramma

– Eg trur ikkje det hadde vore ein tampongskatt om menn hadde hatt mensen. Då hadde ikkje dette vore ei sak, seier Amika George til The Pink Protest.

Til The Evening Standard fortel ho korleis ho tok kontakt med samtlege politiske parti for å få dei til å fremje saka. Per dags dato har både The Labour Party, The Liberal Democrats, The Green Party og The Womens Equality Party teke tak i problematikken.

– At tre politiske parti har ordet mensen i partiprogramma sine. Det verkar som om ting er i endring. Det er berre regjeringa som verkeleg kan få ein slutt på «period poverty», sa Amika George til avisa.

Men George, som i fjor vart kåra til Årets kvinne av magasinet Stylist, vil ikkje berre «period poverty» til livs. Ho meiner det er på tide å bryta ned tabuet kring menstruasjon.

– Berre snakk om mensen. Når du har mensen, fortel det til ein ven. Fortel korleis det er, sjølv om det er ekkelt. Berre gå i detalj. Ikkje ver redd for noko som er heilt normalt. Me kan normalisera det saman, seier George til The Pink Protest.