Fylkeskamp om høgfjellskule
Ein ny fagskule for fjell- og skiguidar kan hamna på Åndalsnes, i Sogndal eller i Hemsedal. Fylka har opna pengesekkane for å invitera skulen inn.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Denne veka bestemte Møre og Romsdal fylkeskommune seg for å løyva ein halv million kroner til etablering av Norges Høgfjellskole i fylket. Fagskulen skal utdanna fjell- og skiguidar.
– Tilsegna er gitt under føresetnad av at Norges Høgfjellskole blir etablert i Møre og Romsdal, fortrinnsvis på Åndalsnes, heiter det i protokollen.
– Det er fantastisk, seier president Leif Inge Magnussen i Nortind til Nynorsk pressekontor.
Han fortel at fagskulen vil kutta kostnadane for elevane som utdannar seg til fjell- og skiguidar. Organisasjonen Nortind vil også prøva å rekruttera yngre folk. Det kan gjera at dei kan stå lenger i jobben som fjellguidar.
Slik det er no, utdannar gjerne folk seg til fjellguidar etter at dei har fullført anna utdanning.
– Dessutan er berre 7 av 90 fjell- og skiguidar kvinner. Eitt av måla med fagskuleutdanninga er derfor å få fleire kvinner til å velja utdanninga, seier Magnussen.
Er du interessert i toppturar? Her får du tips og turforslag.
Sterkt ønskt i Møre og Romsdal
Interessa for å bli guidar i fjellet er stort. Den nyoppretta skiguideutdanninga til Nortind fekk over 60 søkarar til ti tilgjengelege plassar. Derfor blei opptaket delt i to, og folk blei fordelte på utdanninga med oppstart i år og neste år.
I Møre og Romsdal er dei klare for å husa den planlagde fagskulen.
– Me ønskjer at Nortind skal etablera seg på Åndalsnes. Dette vil både styrke byen som tindehovudstad og posisjonen til Norsk Fjellfestival. I tillegg har Norsk Tindesenter mål om å bli eit nasjonalt knutepunkt for kompetanse om bratt friluftsliv. Derfor meiner me at Norsk Høgfjellskole absolutt bør liggja i Rauma, seier Runar Vestheim, leiar for regional- og næringsutvalet, på nettsida til Møre og Romsdal fylkeskommune.
Målet er at fagskulen skal utdanna 20 nye skiguidar, 12 til 14 nye fjellguidar og 8 nye bre- og fjellførarar kvart år.
– Etableringa skal bidra til ei berekraftig utvikling av reiselivet, bidra til etablering av Romsdalseggen som nasjonal turiststi med tilgjengelege guideprodukt også på vinterstid, i tillegg til synergiar og ringverknader i det allereie etablerte guidemiljøet i Romsdalen, heiter det i saksframlegget.
Les også: – Vi fjernar oss frå naturen sånn at vi blir sjuke
Sogn og Fjordane med i kampen
Møre og Romsdal flaggar tydleg at fylket ønsker seg fagskulen. Det har Sogn og Fjordane notert seg.
– Det kan likna ei bodrunde det her. Både me og Møre og Romsdal vil leggja til retta for at ein slik fagskule kan etablerast, seier Jan Heggheim til Nynorsk pressekontor. Han er fylkesdirektør for næring og kultur i Sogn og Fjordane fylkeskommune.
Fylkeskommunen har allereie gitt 150.000 kroner til ein forstudie av fagskulen og ser ikkje vekk frå vidare løyvingar. Heggheim kvir seg derimot for å vera meir konkret og viser til at saka framleis er i prosess.
– Men me vil leggja til rette med konkurransedyktige rammevilkår, seier han og legg til at det nok ikkje er pengar det handlar om, men andre faglege kriterium.
Eitt av kriteria for plassering av skulen er kor utbreidd fjell- og skiguidemiljøet er på staden. Hemsedal dermed er også ein aktuell stad. Buskerud fylkeskommune skal behandle saka i mars. Det er styret i Nortind som skal bestemma plasseringa av fagskulen og det kan likevel bestemma seg før den tid ettersom Sogndal og Åndalsnes er klare kandidatar.