Les terrenget for å finna dei trygge toppturane

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Desse faktorane avgjer skredfaren i toppturterreng

Denne saka ein er del av ein artikkelserie om skred og tryggleik i fjellet, les også: Gjer toppturen trygg og Teknologien som gjer toppturane tryggare

Nedkøyring frå Nordre Dyrhaugstind (2.100 moh.) i Hurrungane. Foto: Bård Basberg

Snøskred losnar i terreng som er 30 grader eller brattare, men korleis veit du om turen din går inn i terreng som kan vera skredfarleg?

– Det er fire ting som er viktige når ein skal vurdera om eit område er skredutsett. Det første er kor bratt det er. Terreng over 30 grader er brattare enn svart løype i alpinbakken eller eit unnarenn i ein hoppbakke, forklarar Markus Landrø. Han er ansvarleg for observatørkorpset som leverer ferske rapportar om snø og skredfare til NVE og Varsom.no.

Dei om lag 70 observatørane kringom i Noreg er ein føresetnad for gode skredvarsel, meiner Landrø. Utan dei hadde ein berre hatt vêrvarsel å vurdera skredfaren ut frå.

Les også om Bjørn som vart teken av skred: Teken av snøskred, no åtvarar han andre

Vinden som byggmeister

Det andre ein må vurdera er vêrforholda. Nysnø og regn gir ekstra vekt til snøen som ligg der frå før og det aukar skredfaren.

– Vinden er også farleg, den blir ofte kalla skredets byggmeister. Om det bles og snør mykje bør ein velja ei trygg rute, anbefaler Landrø.

Mykje nedbør, vind og temperaturendringar er typisk skredvêr. Det kan gi varige svake lag i snøen. Det tredje punktet ein må vurdera er nettopp snøen.

– Det er lagdelinga i snøen som er avgjerande for om eit flakskred losnar eller ikkje. Ved å lesa skredvarselet med tilhøyrande skildring av eit aktuelt skredproblem, får ein eit godt bilde av forholda. I tillegg bør ein leggja merke til teikn og signal som naturen gir oss, seier Landrø.

Det kan vera sprekker i snøen, drønn og ferske skred. Samtidig er ikkje desse teikna nødvendigvis der sjølv om det er skredfare.

– Synes ein dette er for vanskeleg, er det berre å unngå skredterreng, oppmodar Landrø.

Det fjerde er oss menneske. Me står for om lag 50 prosent av risikoen, og i dei fleste skred som tar liv er det me sjølv som utløyser skredet, forklarer Landrø.

– Det vil seia at vurderingane og vala våre er heilt avgjerande. Det er mykje som påverkar vala me gjer. Det kan til dømes vera at me overser openberr fare, at me ikkje tar omsyn til det me ser, at me ikkje har kunnskap til å vurdera det me ser.

Les også: Oda Linnea Iden (20) er på tokt i Antarktis

Skavlar er farlege og kan brekka 45 grader innover. Dette turfølgjet burde hatt større avstand til skavlen, meiner forfattarane av boka «Trygge toppturer». Foto: Birgit Katrine Rustad

Trygt opp og ned igjen

Vil du læra meir, blir det arrangert skredkurs mange stader. Men det er ikkje ein føresetnad for å gå på tur, meiner Landrø i NVE.

– Det kjem heilt an på kva for tur du skal ut på. Det viktigaste er å velja tur etter evne og å vurdera terrenget for å unngå skred, seier Landrø, som har gitt råd til turar i boka «Trygge toppturer. 111 norske skifjell der du kan unngå skredfarlig terreng».

Boka set seg føre å gjera toppturlystne skiløparar klare for å komme i gang på eiga hand. I tillegg til eksperttips til flotte skiområde i Noreg, gir boka ei innføring i skred, skredterreng, vurdering av terreng og korleis ein skal unngå å bli tatt av eit skred.

Ingen av turane i boka går i skredfarleg terreng, men forfattarane understrekar at ingen toppturar er 100 prosent trygge og at turane i boka krev ferdigheiter og vurderingsevne.

Les også om dei «hemmelege» hyttene i skogen: Løyndomane i skogen

Laussnøskred startar som oftast i bratt terreng der dei første steinane og hamrane dukkar opp i fjellsida. Skiløparane her er på veg mot Skårasalen (1.542 moh) i Møre og Romsdal. Foto: Stig Løland

Her er nokre turforslag frå boka «Trygge toppturar»:

Jotunheimen og Hurrungane:

Ein tur til Nordre Dyrhaugstind 2.100 moh. blir skildra som ein av dei klassiske skiturane i Hurrungane. Turen er lett tilgjengeleg, tar om lag fem timar og startar frå Turtagrø. Det brattaste punktet på turen er 30–32 grader.

Surtningstinden 1.997 moh. ligg i Luster kommune i Sogn og Fjordane, vest i Jotunheimen. Ein topptur hit startar frå Leirvassbu og tar om lag fire timar. Turen går i terreng under 30 grader heile vegen, men ver merksam på skavlar på toppryggen.

Hemsedal:

Slettind 1.592 moh. er ein lett tilgjengeleg topp på Hemsedalsfjellet. Start frå parkeringsplassen ved Eldrevann og berekn 2,5 time på turen. Ruta går i terreng under 30 grader, men det er skredterreng nord for toppen.

Voss:

Finnbufjellet 1.358 moh. blir kalla toppen for alle uansett nivå, og er ein populær topp gjennom heile sesongen. Starten er lett tilgjengeleg frå riksveg 13 over Vikafjellet. Turen tar mellom tre og fire timar. Frå toppen er det fleire moglege nedkøyringar, men det tryggaste er å same ruta du gjekk opp.

Sogn og Jølster:

Sanddalsfjellet 1.193 moh. blir også kalla Nonsnipa og er ein populær tur ved Jølstravatnet i Sogn og Fjordane. Turen startar frå ein liten parkeringsplass ved Brendene/Husbakken i Sanddalen og tar om lag fire timar. Terrenget langs ruta er jamt under 30 grader og det er mogleg å velja fleire ulike ruter utan at det blir farleg.

Ein topptur til Blåfjellet 1.397 moh. er ein fin introduksjon til topptur-fenomenet og startar ved Sogndal skisenter. Turen tar fire timar og kan trygt gjerast som ein rundtur med ulik oppstigning og nedkøyring. Det er nokre bratte heng på vegen, men terrenget har elles ei helling på under 30 grader.

Stryn:

Natakupa 1.400 moh. er ein lett tilgjengeleg topp via Stryn Vinterski. På vinteren kan ein ta heis til toppen av skisenteret, men turen er like godt eigna til vårskikøyring. Turen tar mellom fire og fem timar og det tryggaste er å følgje same veg opp og ned.

Sætreskarsfjellet 1.604 moh. innbyr til topptur seint i sesongen og er lett tilgjengeleg frå den nye Strynefjellsvegen. Turen kan også kombinerast med eit besøk på sommarskisenteret på Strynefjellet. Berekn 3,5 time på turen, som startar mellom tunnelane ved Grasdalen. Delar av turen går over Grasdalsbreen og hald difor god avstand til sprekker.

Sunnmøre: 

Ein topptur til Levandehornet 917 moh. gir ein enkel introduksjon til skikøyring i Sunnmørsalpane. Start ved Busetsætra eller Årsetdalen på Vartdal og berekn fire timar på turen. Terrenget er slakt og inviterer til behageleg nedkøyring, og utsikta frå toppen er flott. Merk at det er skalvar både på nordsida og på sørsida av toppen.

Heile ruta opp til Sandhornet 909 moh. i Ørsta kommune går utanfor skredterreng. Sandhornet er difor ein lett og variert skitur på tre timar. Start frå Rebbestad. På veg ned kan du velja å gå via Grøthornet.

Romsdalen:

Turen opp til Skarven 1.100 moh. ved Innfjorden er lett og gir flott utsikt over sjøen og fjella rundt. Dette er ein relativt lang tur på fem timar i terreng som ikkje er brattare enn 25 grader. Same veg ned igjen er anbefalt for ein trygg nedfart.

I tillegg inneheld boka turar frå Sunndal, Oppdal, Meløy, Bodø, Narvik, Lofoten, Senja, Tromsø, Lyngsalpan, Kåfjord og Finnmark.

Les også: Lærte å unngå skred

Tidleg vintertur til Levandehornet (917 moh). Turen gir ei enkel introduksjon til skikøyring i Sunnmørsalpane, ifølgje boka «Trygge toppturer». Foto: Håvard Myklebust