Moa har verda som leikeplass

Ingunn Gjærde
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge må «gi litt meir faen», og gjera det dei har lyst til. Ein må ikkje vera for opptatt av å tilfredsstilla andre, seier Moa.  

I ein alder av 23 år har ho reist over heile verda, og vore på lange ekspedisjonar. Ho har leia eit følgje over Grønland, klatra på høge toppar i Nepal, og nyleg møtte ho på uventa utfordringar i Alaska.

I turverda er Monica Hundseid frå Vikedal kjend som Moa, eit namn som har hengd med ho sidan mormora byrja å kalla ho litle Moa i barndommen. Vikedølingen blir lagt merke, og i fjor vann Moa prisen som årets nykommar blant ekspedisjonsfararar. I år kom ho til finalen i Turjenter si kåring av årets Turjente.

Vill og vakker natur er oppskrifta hennar. Der er ho fri og lukkeleg.

Monica Hundseid_Moa_Nepal Khumbudalen_ffff (13)
Moa reiste åleine til Nepal for å læra seg å klatra på 6000 meter høge fjelltoppar. Foto: Privat

Vil vera fri
Å sitja på skulebenken sju timar kvar dag har aldri passa for Moa.

–  Eg følte eg vart halden i band på skulen. Nå er det eg som er sjefen over mitt eige liv, fortel ho nøgd.

På skulen er heile livet støypt, meiner Moa. Ho gjennomførte vidaregåande, men så var det stopp. Då freista naturopplevingar meir enn å studera. Moa har alltid hatt eit behov om å føla seg fri.

Då ho var lita, og skulle byrja i barnehagen gjorde ho opprør. Ho var vand med å vera heime på garden, og ville heller vera der og jobba med mora, enn å vera inngjerda i barnehagen.

Saman med søskenbarnet pønska ho ut «feller» til dei tilsette, for å fanga dei. Eit halvt år gjekk før Moa fekk det som ho ville, og ho slapp å vera i barnehagen meir.

Er du ein rebell?

– Nei, svarer Moa og trekkjer på smilebandet. – Men eg likar å vera fri, fortset ho.

Monica Hundseid_Moa_Taulag på nordisbreen i Patagonia Chile
Moa i fri utfolding under eit taulag på Nordisbreen i Patagonia, Chile. Foto: Privat

LES OGSÅ: Vordande fangstmenn på Svalbard – eitt år åleine i villmarka.

Fjellheimen kallar
Som 19-åring melde ho seg på ein ekspedisjonstur over Grønland, arrangert av bedrifta Hvitserk. Over 23 dagar var ho ein del av ei gruppe på fem som vandra totalt 60 mil. Både Moa og turleiaren såg at ho var i sitt rette element.

Turen gav meirsmak for Vikedølingen, og ikkje lenge etter følgde ein tre og ein halv månadar lang fottur frå Nordkapp til Lindesnes, denne gongen saman med søskenbarnet hennar.

– Sjølv om eg gjekk med ein 30 kg tung sekk, og tok av 12 kg undervegs, fekk eg sinnsjukt mykje energi. Det var nesten som eg svevde. Eg vart heilt seld til friluftslivet, fortel Moa entusiastisk.  

Sjølv om ho trivst godt ute, er det berre éin plass som er heime.

Det er alltid "helsikens godt" å komma heim til Vikedal, seier ho.

_DSC0167
Monica Hundseid er ein verdsvand turgåar, men det er ingen tvil om at det er i Vikedal ho høyrer til. Foto: Ingunn Gjærde

Leia ekspedisjon over Grønland
I fjor ringde firmaet til Børge Ousland og spurde om ho ville vera guide for nokre nybegynnarar på ein Grønlandsekspedisjon. Ein slik moglegheit kunne ho ikkje takka nei til, og før ho visste ordet av det leia ho sitt første følgje over Grønland.

Fem personar frå Argentina, Sverige, England og Tyskland var med på turen. Dei vart litt sjokkerte over kor ung turleiaren deira var, men forstod raskt at denne ungjenta ikkje var kven som helst.

– Det var utruleg kjekt å sjå dei andre sin framgang, seier Moa smilande.

På 26 dagar kryssa dei Grønland på ski, leia av den ferske og unge eventyraren frå Vikedal.  På grunn av stor snøsmelting vassa dei i vatn til langt opp på låra nokre dagar. Moa fekk verkeleg bruk for den rå styrken sin.

– Eg enda opp med å dra fire pulkar mange dagar, seier ho, som den mest sjølvsagte ting. Den siste dagen hamna ein mann i pulken også.  

LES OGSÅ OM: Polfarar, forfattar og tidlegare skuletapar Samuel Massie.


Når det er dårleg vêr er det freistande å halde seg i teltet

Råsterk
– Ingen skal komma her og seia at eg ikkje får det til, seier Moa.

Å reisa på lange ekspedisjonar er ikkje berre fysisk krevjande. Ein må ha psyken i orden også. Det kan vera tøft å gå åleine med eigne tankar i dagevis, midt ute i audemarka.

– Det kan vera tøft psykisk. Det er ikkje noko Disneyland, men når ein likar det ein held på med vert det annleis, seier ho.

Før Moa skal ut på lange ekspedisjonar går ho inn i seg sjølv. Familien merkar at ho trekkjer seg meir og meir tilbake i dei siste dagane før avreise. Ein viktig del av førebuingane er å skifta tankesett før ein skal ut.  

Monica Hundseid_Moa_Nordisbreen i Patagonia Chile_c (5)
Her speidar ho ut over Nordisbreen i Patgaonia, Chile. Foto: Privat

– Det skal mykje til for å bryta meg ned når eg først er ute på tur. Eg er nesten usmakeleg glad. Det er ingen som kan ta den gleda frå meg, seier Moa bestemt.

LES OGSÅ: Døve Agnes (25) er breførar.

Hårete mål
I desse dagar skulle eigentleg Moa vore midt i villmarka i Alaska. Planen var å kryssa den amerikanske delstaten åleine med eit hundespann. Dessverre vart turen ei bomreise. Ein avtale vart broten,  hundane var ikkje tilgjengelege då Moa kom fram, og turen vart avlyst.  Ho vart både oppgitt og skuffa, men nå ser ho berre éin veg: framover.

– Det er ingen vits i å leggja seg ned å grina. Nå er det berre å grusa på vidare, seier Moa bestemt.

Ho har allereie byrja å planleggja neste tur, og har mange hårete mål. Først på lista står ein tur til Nord-Canada og så ein tur på Svalbard. Kanskje ventar nordpolen eller sørpolen etter det.  

Monica Hundseid_Moa_Julafta for 2 år sidan i Alaska
For to år sidan vart julaftan feira i villmarka i Alaska. Moa pynta eit grantre med julekuler for å få litt julestemning. Foto: Privat