Halvparten sluttar i tenåra: – Enten er du korpsnerd eller ikkje

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Viss du spelar eit instrument, og ikkje vil sitte åleine på rommet ditt å spele: Bli med i eit korps eller eit band! Uansett kva slags nivå du er, så finn du eit, seier Magnus Rødseth (18).

Klokka 09.00 ein torsdagsmorgon samla musikantane i Oslo Brass Band seg for ei siste øving før dei tar turen over fjellet til Vestlandet. I Grieghallen i Bergen er det duka for årets noregsmeisterskap for brassband denne helga.

Rødseth er ein av dei yngste i brassbandet, og sjølv om trombone er hovudinstrumentet hans, spelar han baryton i Oslo Brass Band.

magnus rødseth, korps

Magnus Rødseth (18) har spelt i snart 2 år i Oslo Brass Band. Foto: Janne Merete Bøyum

Les også: Jo Sverre valde dialekten framfor «halvdårlege låtar på engelsk»

Halvparten fell vekk

I 2018 har Noregs Musikkorpsforbund 58 865 aktive medlemmar. Det er ein nedgang på 11 461 medlemmar sidan 2003.

korps

Tal medlemmar går ned med meir enn halvparten i aldersgruppa 15-19. Tal frå Norges Musikkorpsforbund.

Men ifølge tala frå Noregs Musikkorpsforbund fell halvparten av musikantane vekk i aldersgruppa 15-19 år. Og endå fleire i aldersgruppa 20-25.

Korpsforbundet hadde i 2017 om lag 15 000 medlemmar i aldersgruppa 10-14, men berre i overkant av 2000 medlemmer i aldersgruppa 20-25.

Det går likeins med medlemstala i 2018. Der var det om lag 14 500 medlemmar i alderen mellom 10-14, og om lag 2100 mellom 20 -25.

– Det har vore ei trend i mange år at det er veldig stort fråfall frå når ein byrjar i korps til ein er 20 år, seier Håkon Mogstad, kommunikasjonssjef i Noregs Musikkorpsforbund.

Identitetsvekst, overgang frå barne- til vidaregåande skule og deretter byte av aktivitet er nokre av grunnane meiner Mogstad.

Korpsforbundet følgjer med på utviklinga, og har innført konkrete tiltak.

– Vi tenker at om vi gir aspirantane god kvalitet på opplæring så vil det kanskje vere større sjanse for at dei blir, seier Mogstad, som ikkje er fornøyd med at så mange fell vekk.

Les også: Frå Munch til tamilsk voggesong

Kan vere fysisk tungt 

Trombonist Magnus Rødseth har inntrykk av at ungdomsskulealderen for mange er eit avgjerande punkt i om dei vel å fortsetje eller ikkje.

Han hadde sjølv tankar om å gi seg, men litt grunna at heile familien på både mors- og farssida var musikarar, haldt han seg i korpset.

– Eg har vokst opp med det, og byrja sjølv i 2.klasse. Så då vart ganske naturleg for meg å halde fram, seier han.

Rødseth meiner at korps blir i den alderen eit veldig personleg «image», og kjenner til mange som har slutta av den grunn.

– Eg føler at korps er veldig stereotypisk. Enter er du nerd eller så er du det ikkje, seier han.

Dirigent Ivan Meylemans (48) har lagt trombonen på hylla, og dirigerer no profesjonelt. Han tenker at det er samanheng mellom at ein blir eldre og flinkare, og det å halde ut.

korps

Dirigent Ivan Meylemans har lagt fra seg trombone, og dirigerer profesjonelt, men musikk skal han drive på med så lenge han kan. Foto: Janne Merete Bøyum

– Det er fysisk tungt for leppene, og det blir vanskelegare nivå til eldre ein blir. Det er tidkrevande, og då trengs det ein del innsats, seier dirigenten.

Håkon Mogstad frå korpsforbundet meiner at kvaliteten på korps var heilt annleis for mellom 10 og 30 år sidan.

– Då hang folk mest med for å vere med, no er det skikkelig greie. Og dagens ungdom er vanvitig flinke, seier han, og legg til:

– Det er ikkje eit bilde for heile landet. Ikkje alle er like konkurranseretta, men opptatt av å spele konsertar, eller å bli sett i gatene på 17.mai

Les også: Sigurd Brørs gjev ut «pappapop» på plate

Verdt å øve for å spele i eliten 

Rødseth kan stadfesta at det går ein del tid til eigenøving når ein spelar i elitekorps.

– Men å spele på NM med eit elitekorps før eg ein gong er ferdig på vidaregåande er ein god “trade off”, seier Rødseth.

– Det er meir morosamt å spele i eliten, enn å tute i ein lågare divisjon, legg han til med eit smil.

Pausen er over og han må springe tilbake i barytonen sin. Det er ikkje mange timane før dei startar reisa til Bergen. Der skal dei konkurrere med 76 andre brassband i seks divisjonar om kven som er dei beste.

Høyr stykket Oslo Brass Band spelte på NM i 2018:

https://www.youtube.com/watch?v=9jhd0r3qrbY

Les også: Kvar er dei kvinnelege produsentane?