Jo Sverre valde dialekt

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Jo Sverre valde dialekten framfor «halvdårlege låtar på engelsk»

– Eg tenkte på kva for instrumental-tema som har treft meg sterkast opp gjennom livet. Der står Sigmund Groven høgt på lista, seier Jo Sverre om kvifor eit munnspel er å høyre på det han eigentleg skreiv som eit gitartema.

Han trekker fram «Vårsøg»-versjonen til munnspelaren så vel som «Reodors ballade», som inspirasjon til at Groven no er å høyre på Jo Sverres poplåt « Luftslott ». Det er nyaste song ut frå eitt av Noregs nye pophåp, og har vore å høyre på radio på nyåret.

– Eg fekk tak i telefonnummeret til Groven og ringde og presenterte meg. Ei veke etter at eg hadde sendt han låten, sa han ja. Og munnspelet hans var akkurat det som trongst for å løfte låten, seier Jo Sverre.

Les også om søsterprosjektet og bandet 9 grader nord: Frå Munch til tamilsk voggesong

Sommerro-nabo

– Eg har bygd stein for stein, og satsar på å jobbe langsiktig, seier Jo Sverre, nytt pophåp som melder seg på dialekt. Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

Han kjem frå Rindal, – innlemma i Trøndelag frå årsskiftet. Etter å ha spelt i det obligatoriske rockebandet som unggut og laga «halvdårlege låtar på engelsk» fram til han var 22 år, ville han noko anna.

– Men bokmål og nynorsk kjendest like fjernt som engelsk. Det er ingen som har brukt rindalsdialekt i musikk før. Men nabobygda Surnadal har Henning Sommerro! Eg byrja med å nynne på rindalsdialekt, det høyrdest rart ut, men så voks det på meg. Og saman med dialekten kom popen, seier han.

– Først tenkte eg faktisk at «no er det bort med elgitarane som eg har skaffa meg», berre fordi dialekt ofte blir pakka inn i noko søtt og pent og «visete». Eg likar klassisk låtskriving med store refreng, seier Jo Sverre, som ser mot Sverige for forbilde: Namn som Kent, Veronica Maggio, Winnerbäck.

Lyttar ulikt

Han tenker melodi først, og innsåg raskt at folk lyttar annleis når han syng på norsk.

– Eg ser at folk heng ved kvart ord, det opplever du ikkje på engelsk. Eg er musikar, ikkje forfattar, derfor må eg jobbe ti gonger så mykje med songtekstane. Produsenten min, Conor Patrick, er med på å finpusse låtane. Innfallsvinkelen min er musikk, hans er dikt, så han er ein viktig samarbeidspartnar for meg.

– No tør eg vere meir direkte og dra på meir, seier Jo Sverre, som på «Luftslott» syng om aldri å vere fornøgd med kvar du er. Sjølv leverte han våren 2017 masteroppgåva si i historie – og derifrå gjekk han rett i studio for å lage debutplata. Sidan har han levd av musikken.

– Eg tenkte å ha «noko anna» som utdanning, og uansett var det berre klassisk og jazz å studere i Trondheim!

Jo Sverre ser mot Sverige for inspirasjon. Artistar som Kent, Veronica Maggio og Winnerbäck inspirerer den smått melankolske popen hans. Jo Sverre er den første i bygda si, Rindal, til å syngje populærmusikk på dialekt – men nabobygda er heimstaden til Vårsøg. Foto: Gitte Johannessen / NTB / NPK

Singel brøyter vegen

Etter å ha spelt på både by:Larm, Trondheim Calling, Pstereo og OverOslo, er Jo Sverre klar i juni for The Big Challenge, der NTNU byr på musikkfestival, der han speler same dag som Patti Smith.

– Eg har spelt mest i Midt-Noreg hittil, men no legg eg planar for opne nye dører. Det er i Oslo avgjerdene vert tekne, seier Jo Sverre, som i fjor gjorde 80–90 konsertar og eventar. Han var òg ute på noregsturné solo.

– Eg jobbar langsiktig, byggjer stein for stein. Derfor ventar eg med å sleppe nytt album til tidleg neste år. Eg må brøyte vegen først, sleppe fleire singlar – for eg ser kor mykje publikum ein kan få av éin låt.

Les også Julie Stople sitt bidrag til skrivekonkurransen:  – På sosiale arrangement kan eg ikkje ha det gøy utan å høyre musikk