Då Gunn Marit Kvåle byrja å skrive låtar på norsk, rann takkemeldingane inn.

– Eg har på ein måte landa veldig i meg sjølv etter at eg kom hit. Det var ein fridom til å definere seg sjølv på nytt utan alle forventingane om kven eg er, som du har i ei bygd.
Framtida.no møter Gunn Marit Kvåle (23) i leilegheita hennar på Løren i Oslo. I rosa bukse og lyseblå genser lyser songdølen opp i det noko grå nabolaget.
– Eg føler eg har blitt ho der med pastell, te og blomar, ler Kvåle og gestikulerer til antrekket.
I koppen har ho ein rykande varm kopp vaniljete. Estetikken har blitt ein del av artisten «Gunn Kvaale».
– Det er sikkert veldig barnsleg, men det er meg, og eg elskar det! seier ho.
Musikk på sognemål
Også musikalsk har Kvåle funne seg sjølv dei siste åra. Etter å ha gitt ut låtar på engelsk, har ho no byrja å synge på songdalsdialekt. Det starta med ein julelåt, som vart naturleg for ho å synge på norsk. Responsen var god, og då ho seinare gjekk i studio og spelte inn nokre låtar på dialekt, kjentest det berre veldig rett.
Med titlar som Livet e ikkje ein film og Det som gjer mest ilt kjem sogningen i ho til uttrykk i musikken.
– Eg føler at når eg syng på norsk og dialekt, så er det mykje meir Gunn Kvåle i «Gunn Kvaale». Og det synest eg er fint.
Men ho er mykje meir kritisk når ho skriv på norsk, fordi det kjennest nærare og blir fortare kleint.
– På engelsk er det så lett å bruke alle desse orda, love og sånt, men på norsk blir det veldig intenst. Så det har vore ei øvingssak å venne meg til å skrive på norsk.
Ektefølt musikk
Kvåle er glad i musikk som har fokus på tekst. Alt ho syng om, har rot i ting ho har opplevd. Sjølv om det er personleg akkurat når ho skriv tekstane, er 23-åringen svært komfortabel med å vere open om kjenslene sine. Når songane er gitt ut, har ho òg fått ting litt på avstand.
– Det betyr mykje, men eg synest aldri det er skummelt å gi ut låtane på grunn av det dei handlar om, eller teksten. For det står eg for, og så synest eg all musikk er betre viss det er ektefølt.
Nett som forfattarar, hender det ho smør litt på for at historia skal bli enda meir spanande, men det hadde føltest rart å synge ein låt som ikkje handlar om ho sjølv.
– Såpass kan eg stå for, at det er ting eg har opplevd. Både utruskap og kjærleikssorg.
Kvåle ser opp til offentlege personar som er opne om ting, og tenker at ho òg bør bruke stemma si.
Responsen frå publikum har endra seg etter at ho byrja å skrive norske tekstar. Ho får kommentarar frå folk som fortel om kva dei har vore igjennom og som synest det er fint å høyre at ho òg har kjent på liknande ting. Ho får mange meldingar frå unge jenter som seier det ikkje er likt dei å ta kontakt, men som vil takke ho.
– Då føler eg jo at eg gjer noko rett.
Eit fullt møblert hjarte
Utanom ein liten periode då ho drøymde om å bli astrofysikar, har Gunn Marit Kvåle alltid visst at det var musikk ho skulle drive med. No lever ho av musikken på heiltid.
– Eg er ikkje rik, men det går fint, seier 23-åringen.
På veggen heng ein gitar ho kan spele på, og ein mandolin som er eit litt meir langsiktig prosjekt å meistre.
– Men det er jo eit fint møbel da, ler ho.
Men det er ikkje møblane i leilegheita til Kvåle vi møter ho for å snakke om, men møblane i hjartet hennar. Artisten sleppte fredag debutalbumet Eit fullt møblert hjerte.
– Konseptet er at eg ser for meg albumet mitt som eit hjarte som er møblert med desse låtane og desse historiene, forklarar ho.
Gjennom albumet ønsker artisten å formidle at ein kan sjå styrke i alt ein har opplevd, på godt og vondt, fordi det er det som gjer deg til akkurat den du er i dag.
– Eg sjølv har vore gjennom ting dei siste åra som der og då kjennest ut som svekker deg veldig. Men resultatet er jo ein person som eg føler er eit betre menneske, som er meir reflektert, set meir pris på dei viktige tinga i livet, og kanskje har meir forståing for andre folk.
Står sterkt i seg sjølv
Albumet har òg gitt rom for å eksperimentere meir med sjanger og uttrykk.
«Dei er alle ein del av min innredning. Og noken ganga sakna eg ho, så ubekymra og uredd. Men alle minnene har sin plass, på hyller, i boksar, i skap. Uten eit fullt møblert hjerte, ville eg ikkje vore meg, og eg lika denne jenta», seier Gunn i opningssporet, som har meir form som eit dikt.

Foto: Stian Karlstad Berntsen, illustrasjon av Framtida.no
Den låten som betyr mest for ho på albumet, er siste spor, Porselen (kjellaren).
– Det er òg litt symbolsk. Den siste der, kjellar, det er jo så low som det blir.
– Så du går ut på det lågaste, du stoppar ikkje på at det går bra?
– Nei, eg følte eg ville avslutte på noko trist. Eg ser veldig opp til ein artist som heiter Alison Krauss frå USA. Ho pleier å seie på sine konsertar at ho ikkje vil at folk skal gå frå derfrå og ha det bra. Du vil setje ei stemning heilt på slutten.
At albumet vart gitt ut på valentinsdagen er ikkje tilfeldig. Kvåle skildrar seg som «veldig singel» no, og har det fint med det. Ho vil slå eit slag for å stå sterkt i seg sjølv.
– Det er ikkje eit album fullt av kjærleik. Det er ikkje difor det kjem på valentines. Høyrer du gjennom det albumet her, så skjønnar du kvifor eg er singel og veldig happy med det.
Tøff bransje
Å gi ut album er noko Kvåle alltid har drøymt om, og ho er stolt over resultatet. Noko av det artisten likar best, er å opptre. Ho elskar å vere i konsert-bobla. Eit høgdepunkt i karrieren var å vere på turné med Maria Mena førre haust. Kvåle håpar å kunne etablere seg meir som live-artist framover. Ho er ærleg på at det er tøft å prøve å kome gjennom nålauget.
– Det er så utruleg mange fleire nei enn det er ja, seier Kvåle, og innrømmer at ho kan kjenne seg skuffa over spelejobbar som ikkje blir noko av.
I periodar kan det vere vanskeleg å halde motivasjonen oppe og ein kan byrje å tvile på seg sjølv. Ho skildrar artistlivet som ein emosjonell jojo.
Spesielt å få innpass på festivalar er vanskeleg. Kvåle fortel at det er mange av dei same artistane som er «headliners» på festivalscenene i Noreg, og at det er lite rom for artistar som prøver å kome seg opp og fram, spesielt no når det går litt trått økonomisk i bransjen.
– Men eg tenker at det at eg er så ambisiøs og blir skuffa er ein positiv ting. Det viser berre at eg har veldig lyst til å få det til.