Sigurd Brørs gjev ut «pappapop» på plate

Då Sigurd Brørs vart pappa for fyrste gong i ein alder av 48 år fekk han ein kreativ formtopp. No gjev The Brørs ut plate saman med Runaug (2).

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 17.12.2018 12:12

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Nokre av tekstane, spesielt i starten, feira kort og godt livsunderet som hadde skjedd oss. Etterkvart kom det inn eit visst element av eigenterapi, der eg til dømes bearbeider følelsen av utilstrekkelegheit, skriv Sigurd Brørs i ein e-post til Framtida.no.

På tampen av 2016 vart han i ein alder av 48 år far for første gong, ei livsomveltinga som ifølgje han sjølv utløyste ein kreativ formtopp.

Tankar og kjensler bølga mellom ømheit og sårheit, glede og grubling, og songane som dukka opp, spente like vidt. Både pønk og visepop fekk plass under det han omtalar som «pappapop-paraplyen».

Sigurd Brørs og dottera Runaug fotografert i sommar. Foto: Nils Kristian Thompson Eikeland

Bleier, pupp og tidsklemme

Til dagleg som jobbar Brørs som multimedia designar, men under artistnamnet The Brørs har han tidlegare gjeve ut «The Brørs – sesong 1».

No er The Brørs aktuell med plata «Pappapop», som handlar om ­fødsel, familie og den sylferske papparolla.

– Mykje av plata handlar om det trivielle småbarnslivet – bleier, pupp, tidsklemme, leik – og da prøvar eg å bruke skråblikk eller formmessige vriar for å gjera tekstane interessante eller morosame, forklarar 50-åringen frå Surnadal.

I tillegg til pappa sine eigne låtar bidreg òg hovudpersonen sjølv – to år gamle Runaug – via mobiltelefonopptak der ho syng, pratar og spelar diverse instrument.

Les også: Powerpointpop frå The Brørs

– Ei eksistensiell oppleving å bli forelder

– Korleis er det å bli far i ein alder av 48 år?

– Her er det mange svar, men det enklaste svaret trur eg er uavhengig av alder: Både veldig givande og veldig krevande, men balansen er positiv! Det er slitsamt å vera småbarnsforelder, og etter nokre månader påpeika ein eg kjenner at det måtte vera ekstra slitsamt for ein som ikkje er like ung og sterk lenger. Men det hadde eg faktisk ikkje rukke å tenkje på. Det er jo den einaste alderen eg har vorte far i, så eg har ikkje noko samanlikningsgrunnlag.

Men det er klart, det er ei eksistensiell oppleving å bli forelder, og det trykket der følest kanskje enda sterkare om ein er over midtvegs i livet når det skjer. Tankane ein gjer seg om ungen og framtida blandar seg jo med tankane ein har elles i livet, og dei tankane er ikkje dei same når ein er 48 som når ein er 28, sjølv for ein som meg som aldri har følt meg særleg «vaksen».

Les også: – Det må vera lov å prøva å bli pappa

Sigurd Brørs og dottera Runaug. Foto: Nils Kristian Thompson Eikeland

Vekk med mobiltelefonen!

– Korleis skal den moderne pappaen anno 2018 vera?

– Først og fremst må vel kvar enkelt pappa finne det ut sjølv. Men eg trur at ein moderne pappa må vera veldig flink, for alt frå nokre månaders alder er berre det å halda ungane unna mobiltelefonen litt av ein jobb! Og slik vil det sannsynlegvis bli dei neste 18 åra, og det på toppen av alle dei andre utfordringane som pappaer til alle tider har møtt …

– Er dette musikkprosjektet eit resultat av for lang pappaperm?

– Haha, kanskje det! Men det er først og fremst eit resultat av mykje kvelds- og helgejobbing. Sjølve songane tenkte eg ut frå slutten av svangerskapet og det første halvåret med baby, så det var lenge før pappapermen. Den tok eg ut frå Runaug var 15 til 20 månader. I perm-perioden fekk eg jobba med prosjektet på «duppen», kanskje ein ekstra time per dag i snitt. Men på kveldane var eg meir sliten enn etter vanleg jobb altså, så da jobba eg sikkert mindre i snitt enn før og etter permen.

Men spør du eigentleg om ein normal pappaperm – 2,5 månad – er «for lang»? Da er svaret absolutt nei!

Sigurd Brørs og dottera Runaug. Foto: Nils Kristian Thompson Eikeland

Eigenreklame

– Reknar du med at pappapop vert ein populær sjanger?

– Ja, det gjer eg! Lat meg definere sjangeren med litt dårleg skjult eigenreklame: «Pappapop-sjangeren skal bestå av fengande musikk, og variasjonen i stemningar og musikalsk uttrykk kan og bør matche den følelsesmessige berg-og-dal-banen som småbarnslivet er».

Det er kanskje vanskeleg å få mange andre artistar til å «hive seg på bølgja», no som eg eigentleg har kravd eigarskap til heile sjangeren. Men eg vil absolutt anbefale det! Så er det jo òg laga mange bra enkeltsongar i sjangeren før. Ein personleg favoritt er «Nå lever den av seg selv» med deLillos.

Men for min del er sjangeren allereie kjempepopulær. For sjølv om musikken primært er meint å vera om barn, ikkje for barn, så diggar dottera vår plata! Og det betyr mykje, for ein pappa har behov for å føle seg populær, og da er det viktig å finne arenaer han kan bli det på. I tilfellet mitt er altså populær-musikken (sic!) ein slik arena.

Minitalent

– Kva musikalsk råd vil du gje til vesle Runaug?

– «Fortset som du stemnar!» Ja, no skal eg ikkje skryte, men …. i går kveld song ho heile «Mikkel Rev» for første gong, og i dag kompa ho jammen seg sjølv på gitar òg!

Det må elles nemnast at «Pappapop» har heile 20 spor – 12 lengre songar som pappa har laga, og 8 korte intermesso som er mobiltelefonopptak av Runaug der ho syng, pratar og spelar diverse instrument. Eg vurderte å melde henne inn i Tono, men rakk det ikkje …

Sigurd Brørs og dottera Runaug, som no er 2 år, har laga plate saman. Foto: Nils Kristian Thompson Eikeland