6000 km med elbil til polarsirkelen

Janne Merete Bøyum
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Vårt mål er å nå innom Polarsirkelen. Akkurat no tenker vi målet er Bodø, seier Benke Verhoef til Framtida.no.

I lag med kollegaene og med-studentane Daniël van der Klooster (22), Thom van Eijk (23), og Teun Broeren (21) har han bestemte seg for å køyre heile vegen frå sør i Nederland til Bodø, som ligg godt nord for polarsirkelen. Og det skal dei gjere med elbil.

– Vi ser på det som ein spennande utfordring, seier Verhoef.

Les også om dei fire jentene som lånte ein Tesla og køyrte til Polen for å vere med på klimatoppmøte. 

Slik ser ruta ut no. Planlagt etter kor alle ladestasjonane er. Reisa blir på omlag 6000 km. Foto: Skjermdump

Låne bilar mot gode historiar

Gutane hadde eit ønske om å sjå nordlyset, og mykje snø. Nokre av dei har vore i Skandinavia før, men berre på sommaren. Så kom dei med ein idé. Å køyre frå ein kant til ein anna av heimlandet med elbil er ingen problem, men dei ville finne ut korleis moglegheitene var for å køyre lengre bilturar med tanke på lademoglegheitane.

Så presenterte dei idéen til nokre kontaktar dei har i elbil-delingsplatforma Amber, og dei likte idéen.

– Vi fekk låne to elbilar av dei mot at vi kjem tilbake med gode historiar og gode videoar, seier Benke Verhoef.

Så var det å planlegge turen.

Ladebrikke for å lade elbilen har dei skaffa seg. Foto: privat

Les også: Posten skal fram i Tesla-trailer i 2019

Bankar på nærmaste dør i nødstilfelle

Første utfordringen dei vil møte er om det er nok ladestasjonar på vegen, og det har dei planlagt på eit kart. Men dei meiner at Noreg har den beste infrastrukturen for dette, og at det bør vere ladestasjonar linja opp.

– Fordelen er at i Norge er det berre ein veg som går nordover, og i Sverige er det mange, seier Verhoef.

Den største frykta er om ein av stasjonane ikkje er fungerande, og dei blir sittande ein eller anna aude plass.

På tidlegare bilturar til skandinavia har dei tatt med telt, og sove ute. Det er ikkje mogleghiet for å gjere det no på vinteren. Foto: Privat.

– Vi har og skaffa oss ein ordning som gjer at dei kjem og hentar oss om vi skulle komme i den situasjonen, seier Benke Verhoef, og legg til:

– I nødstilfelle berre bankar vi på døra til nærmaste hus, og spør om overnatting.

I motsetning til tidlegare bilturar har dei hatt med seg telt og sove ute, noko som ikkje er mogleg på vinterstid. Difor skal dei denne gongen sove på hotell på vegen.

– Det er litt dyrarer enn å sove ute, men det får gå. Og viss vi verkeleg må, så søv vi i bilen, seier han.

Les også: I 2015 var det ingen som kjøpte like mykje elbil som nordmenn

Oppdagar kanskje nye plassar

Det at dei må lade etter kvart på turen gir ikkje berre ulemper:

– Vi må lade der vi skal sove. Eller vi må sove der vi kan lade, seier Verhoef.

– Og sidan det er vinter må vi bruke varme, så rekkevidda er litt kortare, seier Daniël van der Klooster.

– Då kan det hende vi må stoppe på plassar vi ikkje hadde planlagt, men då oppdagar vi kanskje noko heilt nytt og anleis, seier Verhoef.

Nokon av dei har vore fleire gonger i Norge, og skandinavia. Foto: privat

– Kor lenge skal de vere på reise? 

– Det spørst korleis det går det, seier van der Klooster med eit smil.

Turen er berekna å vare i 10-11 dagar, og dei reiser i månadsskiftet februar/mars.

Les også om Oda Linnea Iden (20) som er på tokt i Antarktis.

I lengden vil elbil lønne seg

Gutane, som alle er studentar ved Teknologi-universitetet i Eindhoven, skulle gjerne hatt elbil sjølv, men synest det kostar for mykje.

– Det er veldig dyrt å ha bil, og alle har sykkel. I tillegg bur alle nær jobb eller skule, og syklar dit dei treng. Då kjem ein seg frå akkurat der ein vil til der ein skal, seier Verhoef.

– Å eige ein bil er dyrare enn å berre køyre i lag. Det er veldig vanleg å samkøyre her, seier van der Klooster, sjølv om studentar får gratis offentleg transport på lån.

– Toget er aldri i tide, seier Verhoef.

Men gutane meiner elbil løner seg i lengda:

– I lengden vil elbilar gi meir fornybar energi enn det dieselbilar vil, seier van der Klooster.

På Instagram kontoen «Chargingtothearctic» kan du følgje reisa deira, og sjekke kor dei er slik at du ikkje blir overraska om dei kjem og bankar på di dør:

https://www.instagram.com/p/BtrZ24lhOuf/?utm_source=ig_web_button_share_sheet

Les også om gründeren frå Bergen som vil lada elbil med lakseskit.