Posten skal fram i Tesla-trailer

Posten skal utvide den elektriske bilparken neste år med elektriske semitrailerar frå Tesla, fortel E24.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Posten kjøper Tesla-trailer

Lastebilen skal brukast mellom terminalane i linjetrafikken til Posten Noreg.

– Vi ser at framtida er elektrisk i alle køyretøysegment. Derfor er det er viktig for oss å teste ny teknologi så tidleg som mogleg, seier pressesjef John Eckhoff i Posten Noreg i ei pressemelding.

Målet er å bruke berre fornybare energikjelder innan 2025. For å få til dette er elektrifisering av køyretøy sentralt.

Produksjonen av Tesla Semi skal etter planane starte i 2019. Han skal ha ei rekkevidde på opptil 800 kilometer ved maksimalvekt og motorvegsfart. Lastebilen skal kunne ladast til ei rekkevidde på 640 kilometer på ein halvtime ved hjelp av eigne ladestasjonar.