Møkkagründer Steinar Wasmuth frå Bergen planlegg å bruka energien frå lakseskit til å lada elbilar og til å varma opp basseng.

Selskapet Bioretur i Indre Arna varmebehandlar skit og slam frå oppdrettsnæringa. Det blir igjen blanda med hesteskit og anna skit til nye gjødselprodukt.

Les også: Fiskebæsj får fart på kumøkk-gassen

Kommunesamarbeid

No vil selskapet gå saman med kommunar langs kysten for å bygga ti biogassanlegg for 100 millionar kroner.

– Me lagar kompakte biogassanlegg, og brukar energien til straum og oppvarming. Me ønsker å få til eit samarbeid med kommunar langs kysten som kan bygga anlegg me kan levera slam til, seier Wasmuth i selskapet Bioretur til Dagens Næringsliv.

Gass frå avfall frå oppdrettsnæringa blir allereie brukt til å driva bussar i Trondheim, og bønder på Frøya i Trøndelag gjødslar med lakseavføring.

Les også: Tine vil ha Europas lågaste klimagassutslepp per liter mjølk innan 2025

Ein halv million avføring og slam

Norsk lakseoppdrett slepper ut om lag ein halv milliard hard avføring og slam i året, fortel DN.

Wasmuth vil bidra til meir av avføringa blir brukt lokalt og ikkje frakta til Sverige og Danmark. Planane er at kommunane skal betala for biogassanlegga og at Bioretur betalar anlegga for å levera skiten.

Kor langt kan ein eigentleg køyre på biogass? Det fekk Margit Fausko (25) testa i sommar da ho la ut på biogassroadtrip. Les saka her!

I Sverige har dei biogasspumper på vanlege bensinstasjonar. Foto: Margit Fausko.

Kommentarar

ANNONSE