Sametingspresidenten skrur på høgtalaren

Sametingspresident Aili Keskitalo vil bruke FN-året for urfolksspråk 2019 som ein høgtalar for arbeidet med å styrkje dei samiske språka i Noreg. Timinga kunne ikkje ha vore betre.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Urfolksspråkåret passar nærmast perfekt inn i vår eigen agenda med oppfølginga av språkmeldinga Hjertespråket, seier sametingspresident Aili Keskitalo (Norske Samers Riksforbund).

– Vi er jo klar over at ei slik markering ikkje løyser utfordringane, men det kan kanskje gi ein «boost», ein inspirasjon.

Keskitalo er med i den internasjonale styringsgruppa for språkåret og var den siste veka i januar med på opningsmarkeringane til Unesco i Paris og FN i New York. Den første veka i februar blåser Sametinget i gang urfolksspråk-året her heime med språkkonferanse i Tromsø, like i forkant av den samiske nasjonaldagen 6. februar.

Les også reportasjen om radiokollektivet Søstrene Suse som gjekk i Elsa Laula sine fotspor, og undersøkte kven dei samiske kvinnene er i dag. 

Hjertespråkløft

På konferansen skal Keskitalo mellom anna presentere strategien Språkløftet, som er ei oppfølging av forslaga i utgreiinga Hjertespråket («Váibmogiella»), som kom i 2016.

– Språkløftet set først og fremst søkjelyset på barn og unge og språkopplæring, korleis vi kan bidra til å styrkje språkopplæringa hos barn. Vi veit at samisk språk ikkje alltid blir overført mellom generasjonane, og mange bur i område der samisk er eit minoritetsspråk, og da blir utdanningssystemet ekstra viktig for å sikre at vi får nye språkberarar, seier Keskitalo.

Det kan kanskje gi ein «boost»

Sametinget vil dessutan oppmuntre det private næringslivet til å ta i bruk samisk. Der kan det bli aktuelt å opprette ein eigen språkpris for bedrifter og å tilby informasjonspakkar som gjer det lettare å komme i gang.

– Dei kan bidra med å synleggjere samisk, og så får vi med ein part som vi kanskje ikkje har greidd å aktivere så langt, seier sametingspresidenten.

Les også meiningsinnlegget frå Kim-Adrian Thrane: «Eg er samisk, men eg får ikkje læra språket mitt på skulen»

Større engasjement

Ein annan part det er heilt avgjerande å få med, er regjeringa. Noreg fekk i fjor kritikk frå Europarådet for dårleg oppfølging av dei dei minste samiske språka, sørsamisk og lulesamisk, saman med kvensk og romani. Både utdanningstilbodet og tilbodet av offentlege tenester på desse språka er mangelfull, slo Europarådet fast i ein rapport.

Aili Keskitalo roste sjølv i fjor haust regjeringa for å løyve pengar til markeringa av urfolksspråkåret (1,1 millionar kroner), men understreka samtidig at regjeringa sjølv må arbeide aktivt for å bevare urfolksspråka. Den innsatsen er ho sånn halvvegs fornøgd med.

– På grunn av Hjertespråk-utgreiinga opplever eg at det er eit større engasjement i regjeringa no enn før. Det synest eg er veldig bra.

Kor mykje kan du eigentleg om samisk kultur? Får du alle rett på vår quiz?

Implementeringsgapet

– Men staten er også ein stor aktør på publisering til dømes, og der kan det gjerast mykje meir. Der er det dessverre eit stort implementeringsgap og ein veg å gå frå lovtekst til verkelegheit, seier Keskitalo og trekkjer fram offentleg skilting som eksempel.

Dei kan bidra med å synleggjere samisk

Både Vegvesenet, Avinor og Bane Nor har etter kvart innsett at dei har eit ansvar for å skilte på samisk. Vegvesenet har no fleire stader sett opp skilt med samiske stadnamn, og både jernbanestasjonar og flyplassar i dei samiske forvaltingsområda har no fått skilting på samisk.

– Men det har tatt lang tid å komme så langt, seier sametingspresidenten.

– Eg meiner det må vere regjeringa sitt ansvar å sørgje for at allereie vedtatte lover blir realiserte. Det er dei som er den utøvande styresmakta, det er dei som skal sørgje for at det som står i lova, faktisk skjer.

Les også: Noreg er meir enn Norge og Noreg

Sjølvmeldinga på samisk

Mangelfull opplæring i samisk gjer likevel at mange synest det er greiare og tryggare å lese norsk. Sametingspresidenten har til dømes sjølv valt å få sjølvmeldinga på samisk, men forstår godt at det ikkje er veldig mange samisktalande som gjer det same.

– Ein av grunnane er nok at folk er redde for å misforstå og held seg til den norske versjonen for å vere på den sikre sida. Det kan jo hende eg har betalt for mykje skatt eller noko fordi eg får sjølvmeldinga på samisk, men eg har valt å bruke tilbodet når det finst der. Det er jo òg eit ansvar vi samar har, å vise at det er behov for eit slikt tilbod gjennom å bruke det, seier Keskitalo.

– Men når vi får nokre nye generasjonar som har hatt samiskopplæring gjennom heile skulegangen, vil dei forhåpentleg helst lese offentleg informasjon på samisk, seier ho.

Les også reportasjen med Dáavet Bruun-Solbakk, leiar for den samiske ungdomsorganisasjonen Noereh: – Det er mange måtar å vere samisk på.

Sverige og Finland

I språkåret har Sametinget elles to hovudsatsingar. Det eine er å sikre fast drift av Nordisk fag- og ressurssenter for samiske språk (Sámi giellagáldu) og å arbeide spesielt med utfordringar for urfolksspråk innanfor språkteknologi og digitalisering.

Det nordiske språksenteret arbeider med felles terminologiutvikling og normering av dei samiske språka i Noreg, Sverige og Finland, slik at dei ikkje utviklar seg kvar sin veg. Men mens styresmaktene i Noreg har vore med på å finansiere Giellagáldu, er det framleis ingen tilsvarande offentleg innsats i Sverige og Finland. Det håper sametingspresidenten å få ei endring på i urfolksspråk-året.

– Vi har gitt styresmaktene i Noreg tydeleg beskjed om at dei må gjere sitt for å ansvarleggjere også dei svenske og finske styresmaktene. Det treng vi hjelp til. Dei må få beskjed om at dei ikkje kan halde på år etter år på prosjektbasis. Det må komme ei stabil finansiering, og når Noreg har bidratt, så må òg Sverige og Finland bidra, seier Aili Keskitalo.

Les også: Nordland har som einaste fylket i Noreg vedteke namn på lulesamisk

urfolkspråk, fn,