Studentane blir på Vestlandet

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er studentsamskipnaden Saman som har bestilt undersøkinga om tidlegare studentar ved utdanningsinstitusjonane på Vestlandet. Undersøkinga blir gjennomført annakvart år.

Har du òg lese om statsråden som krev grønare studentbustader?

Rapporten viser at Vestlandet samla sett held på studentane, men at ein stor del får jobb i Hordaland. Heile 75 prosent av kandidatane frå Hordaland blir i heimfylket sitt. I tillegg kjem ein tredjedel av kandidatane frå Sogn og Fjordane, og ein femtedel av kandidatane frå Rogaland.

Les også at målungdommen krev at studentsamskipnaden må følgje mållova

Om lag halvparten av kandidatane frå Sogn og Fjordane og Rogaland får jobb i heimfylka sine.

Dagleg leiar Linda Hovland i Framtidsfylket Sogn og Fjordane etterlyser at ungdommen skal få meir informasjon om karrieremoglegheitene i eige fylke før dei reiser ut for å studere. Ho får støtte frå Rolf Sanne-Gundersen i Sunnfjord Utvikling.

– Vi har arbeidsplassar, men det Sogn og Fjordane treng i dag og i framtida er kvalifisert arbeidskraft. Å rekruttere folk heim er noko vi må jobbe meir med på ein profesjonell måte, seier han til Firda.

Les også om Bodø som lokkar studentar med pengar