Stadig fleire nordmenn er klimapessimistar

Nye undersøkingar viser at nordmenn mister trua på at vi når klimamålsetjingane våre.

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 09.03.2019 21:03

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ei ny undersøking frå Enova syner at berre ein av fire nordmenn trur vi klarar å nå klimamåla.

Dette er ein nedgang frå ei tilsvarande undersøking frå året før. Då hadde ein av tre framleis tiltru til at Noreg innan 2050 skal klare å redusere klimagassutsleppa med opptil 95 prosent samanlikna med 1990.

Enova-direktør Nils Kristian Nakstad trur pessimismen kjem av ein kombinasjon av to årsakar: at klimaendringane har kome tettare på folk gjennom tørke og flaum, og ei oppfatning av at andre land ikkje har tilstrekkeleg fokus på endringane og kutt.

Les også: Forskaren sine beste tips for å leve meir miljøvenleg i 2019

Teknologi-pessimistar

Forsking frå Cicero Senter for klimaforsking syner at pessimismen også spreier seg på andre frontar. Dei første resultata frå ACT: Frå klimamål til handling viser at nordmenn ikkje lenger trur teknologi er løysinga på klimautfordringa.

– Det er ein veldig liten del av dei spurde som meiner heilt klart at vi ikkje treng gjere noko, og berre kan vente på at teknologien løyser klimaproblemet, seier Cicero-forskar Marianne Aasen.

Cicero

Under ti prosent av eit representativt utval på 4000 nordmenn meiner teknologi er nok til å løyse klimaproblemet.

Aasen seier at dette resultatet skil seg veldig frå tidlegare undersøkingar.

– Då har det vore omvendt. Folk har tenkt at teknologi vil redde oss ut av det, seier forskaren.

Granskingsresultata syner samstundes at nordmenn er villige til å bidra: Heile 70 prosent av dei spurte seier at dei sjølve har eit ansvar for å redusere klimagassutsleppa sine.

Les også: Unge er meir villige til å støtte klimavenleg politikk

Vil pessimismen til livs

Sosiologiprofessor Daniel Aldana Cohen ved Universitetet i Pennsylvania meiner at klimapessimisme generelt mykje skuldast det negative fokuset i media.

I ein kronikk hjå The Nation frå november skriv professoren at media sin tendens til å framheve klimaframskrivingar og meiningane til klimaforskarar gjer at framsteg verkar meir uoppnåelege.

Cohen meiner den siste rapporten frå FN sitt klimapanel hadde ein positiv bodskap, som til no har vorte oversett til fordel for dommedagsprofetiar: dersom vi tek den politiske avgjersla å gjere fossilindustrien bankerott, og deler overgangsbyrda rettferdig, så vil flesteparten av menneske leve i ei verd som er betre enn den vi har no.

Professoren meiner rapporten var nyskapande ved at den framheva dei sosiale, økonomiske og politiske årsakane til både klimaproblemet og -løysingane. Kampen mot klimaendringar skjer ikkje berre i form av karbonprising, men også gjennom tiltak som å gje fleire jenter tilgang på utdanning og å løfte folk ut av fattigdom, hevdar Cohen.

Sjølv oppsummerer han poenget sitt på Twitter kort og konsist: feministisk og egalitær velferdspolitikk vil kutte karbon kjempefort og føre til at fleire folk er trygge.

 

Les også om forskningsarbeidet som vil bidra i klimakampen ved å fange COfrå atmosfæren og gjere det om til drivstoff.